SumatraPDF – ein PDF-lesar enkelt og greit

PDF-filer finn ein over alt for tida. Formatet har vorte umåteleg populært i løpet av dei siste og har til og med vorte godteke som ein open standard av ISO (International Organization for Standardization) for nokre år sidan.

I mange tilfeller er det Adobe, som står bak PDF-formatet, sin eigen lesar som vert brukt av folk. Lesaren har derimot fått ein lei vending, han har vorte tung å drive og inneheld fullt av forstyrrande element. Heldigvis er det alternativ der ute…

Eit av alternativa som ofte vert nemnt er Foxit Reader, som på mange måtar er eit verdig alternativ til Adobe Reader. Personleg liker ikkje at det har kome reklame i lesaren og oppdateringshandsamaren er uoversikteleg og forvirrande å bruke. Eg har difor sedd etter eit alternativ og landa på SumatraPDF.

SumatraPDF er ein liten, rask og enkel PDF-lesar med open kjeldekode. SumatraPDF har på ingen måte uhorveleg med avanserte funksjonar, så om ein treng ein PDF-lesar med redigeringsmoglegheitar og liknande må sjå etter noko anna. Ynskjer ein derimot ein enkel PDF-lesar som les PDF-filer er SumatraPDF perfekt.

Enkelt grensesnitt er noko som går att i SumatraPDF
Enkelt grensesnitt er noko som går att i SumatraPDF

SumatraPDF har og vorte utstyrt med hendige hurtigtastar slik at ein liten grad eigentleg treng musa. Hurtigtastane gjer det og lett å navigere rundt i PDF-dokumenta på lita tid. For å få ei full liste over hurtigtastane kan ein opne manualen, ein finn han under «Hjelp» i menyen øvst i programvindauget.

Last ned SumatraPDF

Heimesida

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...