GIMP ute i ny versjon

GIMP er brukt av dei aller fleste som bruker Linux og vil redigere bilete, no er bileteredigeringsprogrammet ute i ny versjon med eit par forbetringar

Ein av dei store ankesakane brukarar har på GIMP (GNU Image Manipulation Program) er at grensesnittet er forvirrande. Det er ikkje å kome utanom at GIMP har eit utsjåande som ikkje liknar på det som er norma når det kjemt til biletehandsaming. Sjølv om GIMP ikkje er like avansert som PhotoShop, kan det likevel lett måle seg med andre gratis applikasjonar som Paint.NET.

Det nye grensesnittet til GIMP har fåt ein del opfriskingar. I den forrige oppdateringa var det ikona som fekk ei lita oppussing, no er det hovudvindauget for redigering. Som standard er det no eit vindauge som vert brukt til å redigere i. Dette vindauget vert vist ved oppstart, noko som ikkje var saken før. Panela med dei ulike verktya og lag, banar, kanalar og liknande flyt enno «fritt» slik dei gjorde før. Ein anna oppdatering er at menylinja, som inneheld «Fil», «Rediger» osv er flytta inn i det nye hovudvindauget i staden for øverst i panelet for verkty, noko som gjer meir meining.

Sjølv om GIMP kan verke litt skremande i starten er det eit særdeles kraftig program. Det har òg støtte for innstikk, noko som gjer at ein kan utvide funksjonalitet drastisk og automatisere ulike oppgåver. I den forrige oppdateringa fekk og innstikkhandsamar ei lite renovering, noko som gjorde at det no er enklare å hente innstikk og forstå kva dei gjer.

GIMP er òg eit av dei få programma som kan opne og lagre til PhotoShop-format (.psd) utan noko form for innstikk. Lista over støtta bileteformat som kan opnast og lagrast i er lengre enn det dei fleste biletehandsamarar kan skryte av.

Fyrste gongen ein kjører GIMP kan det ta litt tid å laste inn alle skrifttypane. GIMP vil hengje seg opp, men berre lat det vere og det kommer seg etter ei stund. Dette skjer særleg i Vista og som sagt berre fyrste gongen.

Her kan du laste ned GIMP

Her kan du lese om endringane i den nye versjonen

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...