No har du sjansen å sjå YouTube i SuperHD! Ikkje heilt på den vanlege måten, men likevel SuperHD
YouTube kan ikkje akkuratt skryte på seg å ha den beste kvaliteten når det kjem til videoane. Det er fleire tenestar som har dette som hovudfokus (viddler, dailymotion). Sjølv om YouTube ei tid tilbake lanserte ein funksjon som let brukarane sjå videoar i «high definition», er det likevel berre eit utval av videoane som har denne funksjonen. Det finnst òg måter å få alle videoar i høgre oppløying, men ein får ikkje det same resultatet sidan videoane er lagt ut i ei lågare oppløysing.
Bloggaren Mr. Doob har likevel funne sin eigen måte å lage HD på YouTube, SuperHD. Sjølv om det kanskje ikkje er den enklaste måten å lage HD-videoar på, så verker det. I videoen han viser kan ein sjå den rykta Rick Astley, som har vorte kjend i den siste tida gjennom «rickrolling«.
Sjå Mr. Doob sin HD-video