Og det neste Windows skal heite – 7!

Det har vore rykter på veven i den siste tida at Windows ville få eit anna namn enn kodenamnet – no er det motprova

Windows 7 vert alså namnet på det neste operativsystemet frå Microsoft. Dette vart offisielt annonsert natt til onsdag, norsk tid. Mike Nash kunne fortelje at Microsoft vil gå for Windows 7 på Windows Vista-bloggen «Windows Vista Team Blog» (ironisk nok)

Windows 7 har vorte referert til Windows 7 sidan prosjektet skifta namn frå Vienna. Det har vore mykje spekulasjonar om namnet skulle endrast, sidan det ikkje er i Microsoft å bruke tal lenger (XP og Vista). Nash kan derimot fortelje at det å kalle det neste Windows for Windows 7 er det mest riktige.

«… dette er den sjuande versjonen av Windows, så difor gjer «Windows 7» berre meining.» Fortel Nash på bloggen.

Nokre av grensesnittendringane i Windows 7
Nokre av grensesnittendringane i Windows 7

Nash fortel òg at dei ikkje hadde lyst til å gå for namn som XP eller Vista. Microsoft har latt vere å bruke årstal òg, sidan dei ikkje gjer ut ein ny versjon kvart år. Ifølge Nash gjer det ikkje meining om ein gjer operativsystemet eit årstal til namn, når det ikkje er så tette oppdateringar.

Det er venta at Microsoft kjem til å dele ut prøveversjonar av Windows 7 på WinHEC og PDC, som snart skal haldast.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...