Adobe klar med CS4-annonsering

Adobe har no satt av datoen dei kjem til å annonsere programma og forbetringane i Creative Suite 4

Adobe (les: adåobi) har satt av datoen for annonseringa av Creative Suite 4. For nokre år tilbake gjekk Adobe vekk frå versjonnummer og over til merkenamnet Creative Suite. I dag opperer dei med dei siste oppdateringane med Creative Suite 3 (CS3).

Adobe kan no fortelje at dei på 23. september kjem til å annonsere CS4. Dei vil då fortelje om programma og kva nye funksjonar og endringar som har vorte gjort. Legg merke til at dette er kun ei annnonsering av suiten, det er ikkje noko lansering. Det er likevel venta at ei lansering kan ta plass i oktober, seinare i år.

Alle programma i CS3
Alle programma i CS3

Noko av det ein ventar i CS4 er betre integrering av dei ulike programma. Då Adobe kjøpte opp Macromedia i 2005 fekk dei med FireWorks (bileteredigering og vevutvikling) og DreamWeaver (koding for veven). Desse to programma vart ikkje skikkeleg integrert i CS3, men dette skal vere fiksa i CS4. I tillegg skal den nye versjonen av det populære bileteredigeringsprogrammet PhotoShop, gjeve kodenamnet Stonehenge, vere forbetra.

I CS3 var det tre pakkar ein oppererte med: Master Collection, Design Premium, Web Premium og Production Premium. Master Collection er enkelt og greit heile samlinga av Adobe-program. Her får du alt Adobe lagar. Design Premium inneheld programvare retta mot personar som jobbar i designbransjen innanfor trykk, web og mobile applikasjonar. Web Premium inneheld programvare som er retta mot vevutviklarbransjen. Production Premium er ei samling av Adobe-program som er retta mot film-, vev- og mobilinnhald.

Ein kan sjå ein live straum av annonseringa. Om ein går til sida adobe.istreamplanet.com kan ein setje seg opp for ein notifikasjon via e-post når arrangementet skal til å starte. Ein kan òg få lagt inn ein kalenderhendelse i iCal eller Outlook.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...