-Betre batteri i 2009

ZPower kunne i fjor skryte på seg at dei hadde ein betre type batteri – i 2009 kjem endeleg batteria i ein bærbar PC

ZPower skrytte på seg i fjor at deira nye batteritype, var den som skulle ta over etter Litium-ion-batteria som vert brukt i dag. Deira nye batteri som bruker ei Sølv-Zink-legering noko som gjer at dei kan gje 40% lengre levetid på same batteristorleiken, i følgje produsenten.

Batteria vart eigentleg lova til å kome på marknaden i løpet av sommaren 2008, men under Intel Developer Forum (IDF) kunne dei fortelje at batteria ikkje ville kome før 2009. Batteria skal då, i følge ZPower, kome i «ein stor bærbar datamaskin».

I tillegg til å ha betre energidensitet, skal dei nye batteria òg vere meir miljøvenlege. Heile 95% av batteria er resirkulerbare. Forbrukarar som leverer inn gamle Sølv-Zink-batteri vil òg få «finansielt avslag». Batteria skal òg vere meir kjemisk stabile, noko som gjer at dei ikkje skal få dei same problema som ein har høyrt om Litium-ion-battera.

Ein reknar med at dei nye batteria antakeleg kjem til å vere eit tilbod for dei som ynskjer å leggje til ekstra levetid til laptopen sin. PC-ar som ynskjer å bruke Sølv-Zink-batteri må ombyggjast for å kunne bruke den nye teknologien, men ein kan òg installere PC-ane med ei løysing kor ein bruke begge typar batteri.

Ein liten kommentar her kan gjere at du vinner ein SlingBox Pro.