Betre kopiering i Windows

Ei løysing som gjer deg betre kopiering i Windows – fordi det trengs, enkelt og greit

Kopiering og flytting av filer i Windows er ein smal sak, likevel er det langt frå optimalt. I XP er det berre ein enkel dialogboks som kjem opp. I boksen står det kor filene kjem frå, kor dei skal, kor langt ein har komt i prosessen i form av ein progresjonsstolpe og kor lang tid ein reknar med at det er att. Sjølv om ein har gjort ein mykje betre jobb i Vista, er det likevel ikkje heilt optimalt i forhold til kva det kan vere.

Det gratis programmet TeraCopy er ein erstattar til Windows kopieringsdialog. TeraCopy vert automatisk brukt om ein skal flytte eller kopiere filer. TeraCopy vil òg kunne få opp farten på overføringa i forhold til det den vanlege kopieringsdialogen klarer.

TeraCopy kjem med ein sterkt utvida kopieringsdialog. Dialogboksen inneheld ein pauseknapp, tid brukt, tid att, progresjonsstolpe for både enkeltfiler og totalt, overføringsfart, liste over filene som skal kopierast/flyttast og enda meir. TeraCopy legg dermed til mange av funksjonane ein elles savnar i dialogboksen som Microsoft har satt opp i Windows.

TeraCopy kan lastast ned her (hugs å velje den gratis versjonen). Om ein bruker Vista vil TeraCopy ikkje verke om ein ynskjer å kopiere/flytter filer inn i mapper kor ein treng godkjenning gjennom Brukarkontokontrollen. Ein kan unngå slike problem ved å gå inn i Kontrollpanel>Brukerkontoer>Brukerkontoer>Aktiver eller deaktiver brukerkontokontroll og deretter hake bort «Bruk brukerkontokontroll (UAC) til å beskytte maskinen». Ein kan òg gå til installasjonsmappa til TeraCopy og høgreklikka på TeraCopy.exe og velgje Egenskaper>Sikkerhet>Avansert>Rediger og gje lese og kjøre-tillatingar i dei tre kategoriane.

Hugs at ein kommentar kan skaffe deg ein SlingBox Pro

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...