Microsoft kjem til å innføre det nye Ribbon-grensesnittet, som er i bruk i Microsoft Office 2007, for fullt i Windows 7

Då Microsoft lanserte Office 2007 var det mange reaksjonar på det totalt endra utsjåande. Nokre meinte at det var eit framskritt som gjer det enklare å finne funskjonar som før låg gøymt djupt i mange menyar, medan andre meinte at det skapte total forvirring når ein endrar på grensesnittet på eit så drastisk vis, noko som berre vil skape forvirring. Microsoft sjølv hevdar at dei endra på grensesnittet for å gjere det enklare for brukarane å bruke alle i Office. Dei gjorde det òg mogleg for andre utviklarar å ta i bruk grensesnittet, noko som blant anna TechSmith har gjort i deira SnagIt.

I samanheng med ryktene rundt ein lansering av den fyrste betaen av Windows 7 i november, byrjer det no å kome bilete frå Milestone 3 (M3). Milestone-versjonane er versjonane ein opperer med før ein går vidare til betaene. Fleire av programma som er inkludert i Windows når ein kjøper har fått eit andletsløft og fått det nye Ribbon-grensesnittet integrert.

Det har gått rykter om at Windows 7 kjem til å innehalde Ribbon-grensesnittet i staden for dei tradisjonelle menyane. Dette har berre vore rykter, men med fleire og fleire bilete som viser seg på veven, kor ein kan sjå Microsoft sine eigen program bruke Ribbon-grensesnittet, kan det verke som det kanskje er noko i ryktene.

Det har vorte uttrykt skepsis til Ribbon-grensesnittet i program som er funskjonsfattige. Nokre av progarmma som vert trekt fram er Paint og Movie Maker, som er avbilda under. Sidan desse programma ikkje har så mange funskjonar (spesielt Paint), vil det verke meiningslaust med Ribbon-grensesnittet, sidan det uansett berre vil vere ei fane. Somme hevdar at dette berre vil verke mot hensikta det heile vert laga for.

Her er nokre bilete frå Movie Maker, Paint og WordPad. Movie Maker-bilete er henta frå den realtivt ferske betaen, medan dei to andre er henta frå Windows 7 M3:

Movie Maker (klikk for større bilete)
Movie Maker (klikk for større bilete)
Paint (klikk for større bilete)
Paint (klikk for større bilete)
WordPad (klikk for større bilete)
WordPad (klikk for større bilete)

Kva tykkjer de om Ribbon-grensesnitt og trur de at det er noko å satse på frå Microsoft? Hald fram med diskusjonen i kommentarfeltet.