Skrivebordet i Windows (og Mac) er enno det same flate som det har vore i minst 15 år; her er ein ny måte å gjere det på…

Medan skrivebordet har vore det same i mange, mange år har andre ting utvikla seg. BumpTop er ein ny måte å handsame ikona og filene som ein har liggande på skrivebordet i Windows og Mac. For ein gongs skuld reagerer elementa slik dei ville gjort i røynda. Her kan alt flyge i hytt og pine.

BumpTop bruker realistisk fysikk til å gje dei ulike kona vekt og eigenskapar. Eit stort element er ikkje berre større og lettare å sjå, men òg tyngre – slik det ville vore i røynda. Ein kan hengje ting på veggane, som om dei var bilete og stable ikon i bunker. Ein kan dermed samle ting med same kategori på ein stad, utan at ein treng å gøyme dei bort i ulike mappestrukturar.

Her er ein liten video med utviklare som skildrer litt korleis det heile verker:




BumpTop er diverre ikkje klart for nedlasting enno, men det er inne i ein privat beta kor ein kan få tilgang ved å skrive seg opp på lista. Du stikk berre til BumpTop.com og skriv deg opp der. TeknoNytt klarte diverre ikkje å få tak i invitasjonar, men du bør få ein invitasjon ganske fort.