D-filenameMU – endre namn på fleire filer på ein gong [Windows]

Å byte namn på ei fil er i seg sjølv ein enkel sak, men det kan verte i litt meir komplisert om ein ynskjer å gjere det på fleire. Sjølvsagt er det ikkje noko problem å markere alle filene og gje dei eit nytt namn, men det fører til at dei får det same namnet med ein liten endring på slutten, slik at dei skil seg frå kvarandre. Ein kan òg til dømes bruke tabulator, du veit den med ei pil kvar veg til venstre på tastaturet, til å hoppe mellom filene.

Det heile kan likevel gjerast ein heil del enklare med D-filename Manipulation Utility (D-filenameMU vidare i teksten). Namnet i seg sjølv er kanskje ikkje det mest sexy som har vorte funne opp, men programmet gjer iallefall det som vert lova: D-filenameMU utfører massenamnbytting. Utsjånaden er heller ikkje så veldig mykje å skryte av, noko av dette har ein del å gjere med at programmet ikkje har vorte oppdatert sidan 2004.

D-filenameMU kan endre på filnamna til bestemte filer som du vel eller du kan velje bestemte filtypar i ei mappe. Du kan endre filnamna på filene med mykje ulike val. Du kan leggje til tekst på starten og slutten av namnet, du kan endre filtypen, leggje til tal i stigande rekkefølgje i starten eller slutten av filnamna og mykje meir. D-filenameMU lèt deg kort sagt endre på filer, utan at du treng å stresse for mykje.

<i>Litt gammalt grensesnitt, men like fullt brukbart</i>
Litt gammalt grensesnitt, men like fullt brukbart

Med D-filenameMU har moglegheit til å endre på filattributtar. Ein kan til dømes endre om på rettigheitane når det gjeld lesing, skriving og arkivering av filene ein vel ut. Ein kan leggje til skrivevern, slik at det vert umogleg å endre på fila eller leggje til lesevern, slik at ein ikkje kan opne fila. Ein kan òg fjerne alle slike vern og gjere fila vanleg att.

Last ned D-filenameMU

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...