Denne e-posten vil sjølvdestruera om 10, 9, 8…

Alle har sedd ein agentfilm kor helten får eit brev med hemmelege instruksar. Han får så beskjed om at meldinga vil sjølvdestruere om 10 sekund. Eg gjer dykk – den digitale versjonen.

Det er nokon gongar ein kjem over nokre sider som ein har lyst til å sjekke ut – berre for å sjå kva det er. Problemet med slike sider er at det ikkje er sikkert at du kjem til å bruke det i framtida og vil difor ikkje gje bort e-postadressa di, sidan du då vil få fullt av søppelpost på seinare tidspunkt.

Devon Hillard tykkjte òg at dette var eit problem. Han følte at han ikkje alltid kunne stole nok på forum eller andre sider til at han ville gje bort e-postadressa. Han ville i>kkje at personar som sender ut søppelpost eller at reklameannonsørar skulle få hans e-postadresse. Det var difor han laga 10 Minute Mail: e-postadressar som forsvinn etter 10 minutt.

Ein går til 10minutemail.com og trykker på «Få din 10 Minute Mail e-postadresse.». Ein får då oppgjeve ei e-postadresse som ein kan bruke. Etter ti minutt vil e-postadressa forsvinne. Det går òg sjølvsagt an å utvide tida med ti nye minutt om det skulle vere naudsynt. Det går ikkje an å sende e-post med 10 Minute Mail, ein kan berre motta og enventuelt svare på e-post som vert motteken. Ein kan òg vidaresende e-postane til ei anna adresse som det er noko ein ynskjer.

Då Devon starta prosjektet fekk han ein del krass kritikk frå ulike forumadministatorar. Dei meinte at foruma deira ville verte fyllt over av folk som søppelpostar. Likevel har 10 Minute Mail i dag over 70 000 daglege brukarar som berre visar at folk ikkje stoler nok på sider og forum til at dei vil gje bort e-postadressa si.

10 Minute Mail kan òg brukast til meir «private» formål (ehm), utan at TeknoNytt på noko vis oppfordrar til det

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...