DoubleDesktop – to skrivebord i Windows, enkelt og greitt

OSX til Mac har det, Linux har det, men Windows har enno ikkje fått støtte for fleire skrivebord. For nokon kanskje dette verke som noko overfløgdig, men har ein fyrst byrja å verte van med det er det utruleg kor mykje meir effektiv ein kan verte.

Fleire skrivebord er i praksis akkuratt som ein ekstra skjerm som ein ikkje syner. Den andre skjermen ligg berre ved sida av den du bruker, men du ser han ikkje. På denne ekstra skjermen kan du kjøre program slik som du gjer til vanleg. Fordelen er derimot at ein får meir skjermplass, slik at ein kan ha fleire vindauge opne utan at det vert eit stort «virrvarr».


<i>Ein drar eit vindauge til kanten for å flytte det til det andre skrivebordet</i>
Ein drar eit vindauge til kanten for å flytte det til det andre skrivebordet


DoubleDesktop gjer deg eit ekstra skrivebord å boltre deg på. Du kan anten skifte mellom dei to skriveborda ved å trykke på den vesle pila som kjem opp i systemkorga (den nede ved sida av klokka) eller ein kan setje ein tastekombinasjon til å skrifte mellom skriveborda. Me har tidlegare skrive om VirtuaWin som enkelt gjer deg fleire skrivebord. VirtuaWin er meir avansert enn det DoubleDesktop, men om ein ikkje treng noko meir enn ei enkel løysing, kan DoubleDesktop vere meir enn nok for deg.

Ein kan få tak i DoubleDesktop frå denne sida eller ein kan lese om DoubleDesktop hjå utviklaren.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...