Eit lovande Utforskar-alternativ

Vorte lei utsjåande og den avgrensa funksjonaliteten i Utforskaren i Windows? Det finnst alternativ veit du vel…

Shell-alternativ har vorte særdeles å lage. På denne måten kan ikkje berre utsjåade på Windows endrast, men òg funksjonalitet kan leggjast til slik at det vert perfekt for kvar brukar. Mange seier kanskje at Linux er best på å gjere grensesnittet mest mogleg spesialisert til kvar brukar. Dette er kanskje rett, men likevel gjer shell-alternativa ein ganske god jobb.

Det finnst mange ulike shell-alternativ som gjer ulike utsjåande og funksjonalitet. Nokre av dei liknar på Windows 95, medan andre går for heilt eigne design. Om ein ynskjer å prøve ut nokre ulike shell-alternativ kan ein gå til Shell Extension City som har ei ganske omfattande liste over ulike shell-alternativ. Her er det nesten noko for kvar ein smak.

Kva er Windows Shell? Shell er det som syner alt det visuelle i operativsystemet. I Windows sitt tilfelle er dette Windows Shell. Windows Shell gjer startmenyen, oppgåvelinja og utforskaren ein visuell representasjon, slik at dei vert enklare å bruke for sluttbrukaren.

Skjermbilete frå Emerge
Skjermbilete frå Emerge

Sjølv om det kanskje finnst mange ulike shell-alternativ for Windows er kanskje eit av dei meir lovande Cairo. Cairo vert i desse dagar sluppe i privat beta kor litt over 200 personar har fått tilgang. Cairo har som mål å avløyse Windows Shell i Windows Vista. Cairo siktar på å ha eit tiltalande grensesnitt i tillegg til å leggje til funksjonar; som til dømes fanebasert utforskar. Cairo er gratis og kjem til å verte utvikla med hovudsyn på Windows Vista. Windows XP vil òg få støtte når Vista-versjonen er stabil og stort sett utan feil. Cairo kjører òg heilt fint i Windows 7, sidan så og seie alt som kjører i Vista, kjører i Windows 7.

Underteikna har vore så heldig og vorte inkludert i den private betaen. TeknoNytt kjem difor, sjølvsagt, tilbake med fyrsteinntrykk av Cairo om ikkje lenge. Det er diverre ikkje lov å ta videoar eller skjermbilete av Cairo, så dette kjem ikkje til å verte med i artikkelen. Likevel er det å forvente at nokre uoffisielle videoar og skjermbilete kjem til å verte publisert gjennom ulike kanalar.

Om det er nokon av dykk lesarar som bruker eit shell-alternativ sjølve, kva bruker det og kven vil de tilråde det til?

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...