Endeleg lovleg DRM-fri musikk

Etter mange år med ulike typar avgrensingar når det kjem til kjøpt musikk, verker det endeleg som om musikkbransjen byrjar å forstå det: folket vil ikkje ha DRM

Etter mykje klagar over den strenge DRM-en på iTunes, byrja Apple til slutt å selje songar utan DRM – men for ein høgare pris. Den fyrste store konkurrenten som verkeleg hadde noko føre seg, var Amazon. Ikkje berre fordi Amazon allereie har ein stor brukarbase, men òg fordi musikken var utan DRM og filene kunne lastast ned i MP3-format.

Før eg går vidare vil eg berre kort nemne kva DRM er. DRM eller Digital Rights Management, er ein fellesnemnar for alle formar for kopisperring, som gjer at forbrukarar ikkje kan bruke filene slik dei vil. DRM vart fyrst innført på CD-ar og DVD-ar og har vorte vidareført til Blu-ray og musikken ein kjøper på veven. iTunes er antakeleg ein av dei butikkane som har fått mest klagar på sin DRM, sidan musikken kun kan spelast av på iPodar.

Sjølv om det har byrja å verte ein trend at butikkar sel musikk utan DRM, er det likevel ikkje så greit å få tak i DRM-fri musikk i Noreg. Den DRM-frie musikken på iTunes er dyrare enn den med DRM, noko som på ein måte gjer at ein kviar seg for å kjøpe den DRM-frie musikken. Ein kan då tenke at Amazon MP3 kanskje er eit godt alternativ, men denne tenesta er kun open for amerikanarar. Ein kan likevel kome seg rundt denne sperra, men det er særdeles tungvint (dette verker på same måte ein bruker amerikanske iTunes)

7digital har album i MP3 og FLAC
7digital har album i MP3 og FLAC

7digital er ein britisk musikkbutikk som for ein månad sidan kunne ærklære at deira musikkbibliotek (alle 4 millionar songane) no var totalt DRM-frie. Ein kan laste ned musikken i 320 kbps-format eller i 192 kbps-format. Den fyrste typen er noko dyrare enn den siste. Songane kostar frå 50 penny til 1 pund. Songane kan ein få i både MP3-format eller AAC-format. Ein kan òg sjølvsagt kjøpe fulle album, ein vil då få eit lite avslag i prisen per låt.

Endeleg får nordmenn eit skikkeleg alternativ til iTunes. DRM-fri musikk til ein billig penge. Andre tenestar som tilbyr den DRM-frie musikken har anten ikkje noko utvalg å skilte med, eller så er dei ikkje tilgjengelege her på berget. 7digital gjer endeleg enkelt å kjøpe DRM-fri musikk, utan at ein treng å bruke mykje tid for å få tak han. Ikkje berre er 7digital lett å bruke, butikken er òg bra designa og full av gode funksjonar som gjer han kjekkare å bruke.

7digital kan ein finne på 7digital.com

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...