Nokon gong skifta nettlesar, hatt problem med å få bokmerkene dine over til den nye vevsidevisaren? Då er Transmute noko for deg!


Etter den “cheezy” ingressen må det jo berre vere eit fantastisk program eg har tenkt å presentere dykk for og det er det kanskje òg. Transmute er kanskje ikkje svaret på alle dine problem, men det løyser i allefall eit av dei lett; flytting av bokmerker.

Om du nokon gong har skifta nettlesar eller prøvt å flytte bokmerkene dine frå ein nettlesar til ein annan, har du kanskje støtt på nokre problem. Bokmerker vert nesten aldri lagra i same format på kryss av nettlesarar, noko som gjer det vanskeleg å hente inn bokmerker frå andre nettlesarar, om ein tek til å bruke ein ny. Firefox har sjølvsagt ein fin importeringsvegvisar, som let deg importere bokmerker frå andre vevlesarar, men det er ikkje alltid at du har bokmerkene på den same maskinen.

Transmute har eit utruleg enkelt grensesnitt, som er enkelt å forstå seg på. Det gjer deg ikkje noko form for vanskelege dialogboksar eller spørsmål om ting du ikkje anar kva er. Her er alt gjort enkelt: du kva nettlesar du vil eksportere frå og kva nettlesar du vil importere til. Om du heller vil få bokmerkene frå ein nettlesar til ein annan nettlesar sitt format, men i ei eigendefinert mappe, kan du det òg.

Ein får tak i transmute frå heimesida. Ein kan då laste ned ei vanleg installasjonsfil eller ein portabel versjon, med alle filene og ei kjørbar fil samla i ei mappe. Det går òg an å få Transmute på norsk om ein ynskjer det. Det er berre å laste ned språkfila frå nedlastingssida og lpakke ho ut i installasjonsmappa til Transmute.