faawin7beta1 Få tak i Windows 7 betaen   sjølv om fristen har gått ut

Med eit par enkle triks kan du få deg Windows 7 betaen på heilt lovleg vis.

Var du ein av dei som sat og prøvte å få tak i ei utgåve av Windows 7 betaen, men klarte ikkje å kome gjennom før det var for seint? Du sit kanskje no å tenkjer at det var dumt og vurderer å skaffe betaen via eit piratnettverk. Om du liker best å ha ein lovleg versjon, kan du enno få tak i det.

Alt du treng å gjere er å laste ned iso-fila som inneheld Windows 7. Download Squad har klart å få tak i direktelenker til iso-filene:

32-bit:

64-bit:

LifeHacker har funne ein måte å få tak i produktnyklar:
1. Gå til TechNet og logg inn oppe i høgre hjørne. (Har du MSN bruker du same brukarnamn og passord)
2. Kopier (IKKJE KLIKK) ei av lenkene under og lim ho inn i adresselinja og trykk Enter.

  • 32-bit
  • 64-bit

3. Skriv ned nykkelen som kjem opp.

Det er mogleg å bruke ein 64-bit-nykkel under installasjonen av ein 32-bit-installasjon og motsatt. Så det er ikkje så viktig kvifor ei lenkje ein vel.

For meir lesing kan ein lese Betamagasinet sin artikkel om Windows 7 betaen eller andre artiklar om Windows 7 frå Teknonytt og Betamagasinet.