Få vett i knollen med Knol

Google sin versjon av eit leksikon på veven vart i går lansert i open beta

Google lanserte for ei tid tilbake at dei haldt på å utvikle eit eige vevleksikon. Mange har sett på dette som ein direkte konkurrent til Wikipedia, sjølv om Google ikkje hevdar det. Cedric Dupont, som er ein av dei produktansvarlege hjå Google, har uttalt at «dei som prøver å drepe dei (Wikipedia anm.red.) vil skade oss».

Knol har foreløpig berre eit par hundre artiklar, men Google håper at det endrar seg i løpet av tida som går. I motsetnad til Wikipedia kor alle redigerer fritt, har Knol nokre fleire restriksjonar. Det er ein forfattar som startar ein artikkel. Forfattaren vel sjølv om han vil at andre skal kunne redigere hans artikkel. Forfattaren kan endre, moderere og slette delar som vert foreslått av brukarar.

Sjølv om forfattaren av artikkelen sjølv bestemmer kva som skal stå der, er det likevel ikkje umogleg å få si side av temaet med i Knol. Det vil likevel vere mogleg å opprette fleire artiklar om same temaet, men med ulike forfattarar. Google meiner at det vil verte viktig for brukarar å vite kven som har skrive artikkelen for å kunne døme korleis dei skal tolke teksten.

Alle som har ein Google-konto har tilgang til Knol. Alle som er registrert brukar på ein av Google sine tenester har ein Google-konto. Når du oppretter ein artikkel på Knol, vil du stå som forfattar og hovudansvarleg for din artikkel.

Forfattarane kan sjølv velje kor strengt deira artikkel skal vera. Forfattaren av kvar enkelt artikkel kan velje om det skal vere opent for alle å redigere artikkelen eller om han skal moderere innhaldet som vert lagt til. Forfattaren kan òg velje under kvifor nokre lisensar teksten skal sleppast under, slik at han kan regulera gjenbruk. Google kjem til å kjøre annonsar på Knol, men det er likevel opp til forfattaren om han vil at det skal visast annonsar i hans artikkel.

Foreløpig er mange av artiklane særdeles medisinske ettersom det stortsett berre er doktorar som har skrive artiklar. Det byrjer likevel å tikke fram eit par artiklar som omhandlar andre tema òg. Knol finn ein sjølvsagt på adressa knol.google.com

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...