Fire måtar å gjere korte vevadressar på

Det å forkorte lange vevadressar har etter at Twitter slo gjennom vorte stor business. Sjølv om tenestane òg fanst før Twitter, er det den strenge avgrensinga av mengda teikn på Twitter som har gjort at dei har vorte utruleg populære.

firemaataraakortenedurl

Spesielt når det kjem til Twitter er det ofte viktig at url-ane er så korte som mogleg, slik at ein kan ytre mest mogleg. Det har difor i den siste tida poppa opp tenestar som hevdar at dei har dei kortaste vevadressene på veven, i verda eller at dei berre enkelt og greit påstar «dei kortaste url-ane. Punktum».

TinyURL er på mange måtar tenesta som starta det heile. TinyURL lot deg skrive inn kvafor ei vevadresse du ville og få ei forkorta adresse ut som ein kunne dele med andre, som til dømes tinyurl.com/peeumn. Etter ei stund vart òg moglegheita for å velgje ei eiga adresse etter skråstreken, slik at ein til dømes kan ha tinyurl.com/teknonytt.

Tinyarro.ws tèk heile konseptet med forkorting av vevadresser til eit heilt nytt nivå. Ved hjelp av ulike teikn som ligg i teiknsettet som vert brukt i til dømes vevadresser kan ein lage fleire kombinasjonar av teikn på eit mindre antal teikn. I praksis kan ei lang vevadresse verte til dette: www.➡.ws/뺇䪆. Tinyarro.ws gjer deg òg valet til å lage ei eiga ending, slik som dette: www.➡.ws/teknonytt

u.nu hevder på deira heimesida at dei kan fikse «dei kortaste URL-ane. punktum». Eit av deira hovudpunkt er at dei har ei kort vevadresse, som igjenn gjer at adressane dei gjer deg er kortare enn dei andre tenestane sine vevadresser. Sjølv om tinyarro.ws har like korte adressar har u.nu derimot fordelen ved at dei ikkje bryr seg om bokstavar er store eller små – ein bokstav er ein bokstav, noko som gjer url-ane lette å seie vidare. Det skapar òg mindre forvirring når ein ikkje treng å tenke på om den tredje k-en skal vere liten eller stor.

Digg.com lanserte for ei stund attende deira «diggbar». Dette er ei liten meny som hamnar øvst på vevsider som ein vert sendt til frå Digg. Saman med denne lanseringa lanserte dei òg ein vevadressenedkortar. Når ein er på ei vevside som ein ynskjer å ha ein kortare versjon av kan ein berre skrive inn «digg.com/» foran adressa i adresselinja og ein får ein forkorta versjon. Til dømes: digg.com/https://teknonytt.com/. Digg har likevel fått ein del klagar på grunn av måten dei handsamar referering, men tenesta er likevel god.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...