FormatFactory – eit konverteringsprogram som spyttar ut det meste

Personleg er eg ein som ser ein del på seriar eller filmar medan eg er på farten. Då bruker eg i hovudsak anten Zune-en min eller PSP-en min. Dei har begge sine fordelar og ulemper, men uansett kvifor ein eg skal bruke av dei, må videoane konverterast til eit anna format. Det kan føre til problem

Eg har prøvd ein heil del ulike program til å gjer konverteringa for meg. Dei har alle vore greie til sin bruk, men dei har ofte hatt nokre problem: dei er anten for simple eller for avanserte. Programma har ein tendens til å verte litt for «basic» og difor ha avgrensingar, medan andre vert for avanserte og gjer for mange val.

Ei god stund brukte eg Free Zune Converter, som gjorde ein flott jobb med å konvertere til Zune-en min. Eg skifta seinare til Free Video Converter på grunn av det fine grensesnittet, men det programmet verka ikkje i 64bit-Vista og eg hoppa tilbake til Free Zune Converter igjen. Så var det i denne forumtråden i forumet vårt, kor det vert tilrådd gratisprogram til Windows, at Robert S. føreslo FormatFactory.

FormatFactory et så og seie kva som helst og spyttar det ut i eit dugande format. I FormatFactory kan ein anten få videoane konvertert til eit nytt video format med valfrie instillingar eller ein kan velje blant dei mange malane som følg med. FormatFactory bruker òg dei rette kodekane slik at videoane verker på dei enhetane dei vert konvertert til.

<i>FormatFactory konverterer det du måtte ynskje</i>
FormatFactory konverterer det du måtte ynskje

I tillegg til videoar kan FormatFactory kan òg konvertere bileter til ulike filtypar som til dømes .png, .jpg eller .gif. Ein kan få lydfiler konvertert til fleire format som til dømes .wma, .mp3 eller .aac. Som om det ikkje var nok kan FormatFactory òg hente filmar frå dvd-ar og gjere dei om til videofiler eller ta cd-ar og gjere spora om til lydfiler. Det er òg mogleg å få cd-ar eller dvd-ar om til biletefiler (.iso eller .cso), det er òg støtte for å konverter mellom dei to formata.

Last ned FormatFactory

Heimesida til FormatFactory

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...