Litt etter klokka 21:00 vart den nye nettlesaren til Google lagt ut til nedlasting.

Me skreiv om at det vart liv i ryktene om ein ny nettlesar frå Google på mandag, og i går kvell vart han lagt ut til nedlasting. Det er kun mogleg å laste ned ein versjon som er støtta av Windows XP/Vista, men det vert jobba med ein eigen versjon til både Mac og Linux.

Om ein les den forrige artikkelen om Google Chrome, har ein fått med seg kva det heile handler om. Nettlesaren leverer kva som vert lova. Grensesnittet er òg særdeles reint (betre enn kva eit visst eple nokon gong har laga, spør ein meg) og med masse av flotte animasjonar. Om ein ynskjer seg ein nettlesar som, ja nettopp les nettet, er Google Chrome perfekt.

I dei to døgna som har vore sidan bloggen Google Blogoscoped la ut bilete frå ein teikneserie skriven av Google om nettlesaren, til lanseringa har det vore utruleg mykje skriverier om Chrome på veven. Sjølv les eg 18 (ja, faktisk) ulike vevstadar dagleg for å halde de lesarar oppdatert på det siste innan teknologi. Ikkje langt i frå alle 18, har skrive om den omrykta nettlesaren til Google. Eg trur ikkje eg har sett så mykje dekning om ein nettlesar før.

Om ein har lyst til å lese meir om Google Chrome kan ein lese teikneserien som Google har laga og lagt ut her. Google Chrome kan lastast ned frå heimesida.

Hugs: Det var TeknoNytt som var fyrst ute med denne saken på norske sider…