Hawkscope – for deg som liker menyar framfor vindauge

Om ein oppretter ein del dokument får ein etterkvart ein av to ting: eit djupt mappesystem eller få mapper med altfor mykje innhald. Hawscope kan diverre ikkje hjelpe deg med nokon av delane, det kjem ikkje til å røre mappestrukturen din, det kan derimot hjelpe deg veldig om du er ein del av dei som har ein djup mappestruktur.

Mappesystemet i Windows, OSX og LInux er på mange måtar likt og den grafiske presentasjonen er nærast identisk: ein ser mapper som ein kan klikke på og få fram kva som ligg i dei. Dei ulike filtypane har eigne ikon, slik at ein lettare kan skilje dei frå kvarandre, medan bilete og videoar ofte har eit knøttbilete som viser anten biletet eller eit utklipp frå videoen.

Hawkscope prøvar ikkje på nokon måte å endre på dette, men i djupe mappesystem kan ein av og til misse litt kontroll over kvar ein er for augeblinken og bytting mellom mapper vert til ein storstilt leiteaksjon. Apple har til dels løyst dette problemet med Finder: her kan ein få dei ulike mappene i kolonner. Opnar ein ei mappe kjem ho opp i ei nye kollone til høgre, medan ein enno har oversikten over mappa ein kom frå.

Hawkscope er i praksis heile mappesystemet i ein meny. Hawkscope gjer det mogleg å få tilgang til mapper på datamaskinen, medan ein held oversikten over kvar ein er. Øverst i menyen får ein opp snarvegar til personlege mapper på datamaskinen. Det er òg mogleg å leggje til eigne mapper som ein ynskjer enkel tilgang til.

<i>Mapper i eit enkelt menysystem</i>

Mapper i eit enkelt menysystem

Sjølv om Hawkscope har støtte for innstikk er det ikkje særleg mange enno, med andre ord berre tre. Det eine kjem inkludert med Hawscope, når ein lastar det ned.

Heimesida til Hawkscope

Last ned Hawkscope (Windows)

Last ned Hawkscope (Mac)

Last ned Hawkscop (Linux)/ 64-bit

Innstikk til Hawkscope

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...