«I neste versjon av Miro er alt om fart»

Miro er ein applikasjon som lar deg abonnere på RSS-straumar til podcastar, både lyd og video. For ei stund tilbake feira Miro deira slepp av versjon 2, som endra delvis på grensesnitt, gjorde heile programmet raskare og forbetra programguiden (lista over tilgjengelege podcastar). Dette var noko me her i TeknoNytt òg fekk med oss.

I ein post på Miro-bloggen fortel utviklarane bak Miro at den komande 2.1-versjonen av Miro har som hovudfokus å ha høgare yting. Dei kan allereie no vise til testar som har vorte utførte på den foreløpige utviklarversjonen at Miro er meir responsivt enn den noverande stabile versjonen, versjon 2.0.4.

Grensesnittet som vart introdusert i Miro 2.0
Grensesnittet som vart introdusert i Miro 2.0

Det er gjort målingar ved tre ulike databasestorleikar. Databasestorleikane avhengjer av kor mange straumar ein abonnerer på. I den nye versjonen er det fartsauke på opp til 50%. I den nye versjonen går det ikkje berre raskare å starte Miro, men òg å avslutte Miro.

Dei som måtte ynskje å ta ein kikk på resultata sjølv kan ta ein kikk på tabellane her.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...