For dei som hugsar tilbake til for snart to år sidan, kom Joost ut i privat beta, no har Joost komt ut av nok ein privat beta, men i ny form

joostproverigjen Joost prøver ein gong til

Joost kom for to år sidan i privat beta. Det vart rekna for å vere framtida innanfor internettfjernsyn, slik skulle det likevel ikkje gå. Joost vart aldri så populært som skaparen bak Skype og skaparen bak Kazaa hadde håpa og det heile vart til slutt ein flopp. Joost skulle levere videoinnhald gjennom bruke av P2P-teknologi, noko som gav betre videokvalitet. Det skulle vere innhald som vart lagd ut av dei som laga det, altså lovleg innhald.

For å bruke Joost måtte ein laste ned ein klient med eit ganske så fancy grensesnitt. Klienten gav deg alt innhaldet du kunne få sjå, problemet var at klienten var ganske tung å kjøre. Ein anna bakdel var at det ikkje var så mykje innhald som var interessant. Videokvaliteten var heller ikkje så revolusjonrande betre, noko som gjorde skuffelsen berre større.

Joost har no lært av sine feil og prøver om att – denne gongen i form av ein nettlesarversjon. No kan ein bruke Joost gjennom nettlesaren, slik ein bruker YouTube eller Hulu (her er ein guide for å bruke Hulu i Noreg). Det vert kreva at ein lastar ned eit innstikk som gjer det mogleg å bruke p2p-teknologi for å oppnå best mogleg kvalitet. Det skal likevel lanserast ein flash-versjon i løpet av neste månad, denne vil likevel ikkje innehalde video med like god kvalitet.

For å bruke Joost treng ein berre å registrere seg, noko som sjølvsagt er gratis. Gå til Joost.com og du vil verte møtt ein hyggjeleg liten firkanta figur som fortel deg om Joost og fortel kor du må trykke for å registrere deg (viss du ikkje klarer å finne det ut sjølv). Etter at du har registrert deg er det berre å laste ned innstikket, installere det (verker i dei aller fleste nettlesarar) og byrje å bla gjennom tilbodet deira.