På tross av alt kritikken mot Microsoft er det ein ting dei klarer å gjere riktig: animasjonar. Dei er kanskje ikkje dei mest imponerande, men dei er kule nok til at dei ikkje vert overdådige.

Microsoft har fått mykje kritikk dei siste åra. Deira siste operativsystem, Windows Vista, var ein rein katastrofe ved utgjevinga. Sjølv om det har komt utruleg med feilrettingar sidan sleppet, er det fortsatt mange som ikkje er nøgde med den opplevinga Vista gjer. Microsoft har og klart å mobbe på seg fleire nettlesarprodusentar på grunn av deira nettlesarmonopol i Windows.

Ein av dei store ankepunkta i Vista er det knotete brukargrensesnittet. Folk klagar på at dei ikkje finn fram og at dei flotte Aero-effektane er altfor tunge til å kjøre om ein har lyst på ein datamaskin som er skikkeleg responsiv. Det sikkert flott ut, men folk ynskjer seg effektivitet framfor “wow”, for å seie det slik. På ei anna side har Vista vorte mobba for dei patetiske effektane. På YouTube kan ein finne store mengdar med videoar som samanliknar Vista sine Aero-effektar mot Compiz, som er ein vindaugeomhandlar for Linux.

Ved å sjå eit par av dei ovanfornemde videoane kan ein fort sjå at Compiz sine effektar lett kan overgå Aero sine i form av “wow, kult”. Likevel må ein spørje seg sjølv spørsmålet “treng eg desse effektane?” Sjølvsagt gjer ein ikkje det, men det gjer eit visst inntrykk på deg når du ser vindauge minimerast ved å løysne frå skjermen, gradvis forsvinner og vert mindre medan det flyg ned til ikonet sitt på oppgåvelinja. I Compiz kan ein velje frå eit utval av ulike effektar og kor raskt dei skal gå, men er ein verkeleg interessert i det?

Dei fyrste dagane ein har dei kule effektane Compiz er dei sikkert utruleg kule, men etter ei lita stund byrjar ein å gå lei dei. Når den fyrste opplevinga er forbi er dei liksom berre i vegen og ein skrur opp snøggleiken, slik at dei forsvinn raskare. Det er her Microsoft har gjort det smarte: dei har lagd inn animasjonar som ikkje er så veldig “flashy”, men dei er heller ikkje i vegen. I starten ynskjer ein kanskje at animasjonane skal gjere meir ut or seg, men etter ei stund er ein nøgd med det vesle visuelle hintet dei gjer.

Microsoft klarer på ein heilt spesiell måte å leggje til animasjon som er passe kule – som ikkje seier “sjå korleis vindauget tar trippel salto før det hopper ned i oppgåvelinja”, men som heller ikkje kjem i vegen for funskjonalitet. Ved hjelp av animasjonane får Microsoft produkta deira til å verke meir moderne på same tid som dei klarer å avgrense seg til eit slikt nivå at folk ikkje irriterer seg.

Eit anna godt eksempel er animasjonane i Zune-programvaren som ein bruker i hovudsak i lag med Zune, Microsoft sine mp3-spelar. Likevel vert Zune brukt av ein del som deira primære musikkprogram, sidan det på mange punkt er eit mykje betre alternativ enn Windows Media Player. Zune-programvaren har mange små animasjonar som poppar opp her og der, dei er aldri i vegen, men når du ser dei tenker du med deg sjølv; “kult”.

Ein enkel presentasjon av Zune-programvaren sine animasjonar:

I Windows 7, som er Microsoft sitt neste operativsystem, har Microsoft klart å føre dei minimalistiske animasjonane perfekt og implementert dei på eit særdeles godt vis. I tillegg bruker Aero mykje mindre ressursar enn det gjorde før, noko som gjer at folk lar vere å skrue det av. Så lenge det ikkje er i vegen eller hindrer folk på noko vis å gjere det dei ynskjer, skrur dei det ikkje av. Hald fram med det gode arbeidet Microsoft.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here