Den siste tida har open programvare (program med offentleg kjeldekode) vorte meir og meir omtalt i Noreg og Europa generelt. Denne vesle revolusjonen kjem litt over eit halvt tiår seinare enn det han gjorde i USA, men det er som sagt “betre seint, enn aldri”. I denne vesle artikkelserien kjem eg til å presentere Linux i korte trekk for dei som lurer litt på kva det heile dreier seg om.

Artikkelserie

  • Del 1
  • Del 2

I denne fyrste delen kjem eg til å introdusere bakgrunna til Linux, kvar kjem Linux frå, korleis vart det til og litt om terminologien innanfor Linux, altså ord og uttrykk som vert brukt i samanheng med Linux. Denne artikkelen kjem til å gjere deg til ein nybyrjar innanfor Linux-verda, men gjer deg likevel ein liten sjanse til å ha noko ein kan byggje vidare på.

Bruken av ordet Linux er i dag litt feil i forhold til kva det eigentleg er. Linux er strengt teken kjerna i eit operativsystem. Det er eit program som kommuniserer mellom alle dei ulike delane av operativsystemet. Det er kjerna som koordinerer slik at det trykker på tastaturet vert omhandla av datamaskinen og gjort om til bokstavar på skjermen.

Linux starta som ein liten hobby. Linus Torvalds er ein finne som utdanna seg ved uinversitet i Helsinki. Han var ein rein datanerd og dreiv med programmering på fritida. Han utvikla ein klient som gjorde at han kunne kople seg til universitet frå heimedatamaskinen. Klienten utvikla seg frå å vere ein klient til å verte ein klient med fullt av ekstra funksjonalitet som ikkje var naudsynt. Det var i ferd med å verte eit operativsystem. Linus laga difor drivarar til datamaskinen hans og byggja eit operativsystem frå botnen av.

Ein hyggjeleg professor på universitetet lot Linus publisere operativsystemet hans i ei undermappe på FTP-tenaren til universitetet, slik at fleire kunne få prøve det ut. I starten var det nesten ingen som prøvde det, men etter kvart som ordet spreidde seg, byrja fleire og fleire å bruke Linux. Folk skreiv ofte tilbake til Linus om ulike feilar som han burde rette eller funskjonar han burde leggje til. Linus som med eit uhell slette partisjonen med sitt primæroperativsystem gjorde det store hoppet og skifta til Linux.

Ein del år tidlegare hadde ein mann med namnet Richard Stallman skipa ei stifting som vart kalla Free Software Foundation (FSF), som fronta open programvare. FSF samla inn program som hadde open kjeldekode, slik at folk skulle sleppe å bruke komersielle program. Han meinte dette var viktig, slik at folk fekk full fridom til å gjere det dei måtte ynskje med programma. Det FSF mangla var derimot ei kjerne som kunne få alle programma til å verke i lag og på tross av at dei to prosjekta var totalt uavhengige byrja folk å kombinere dei to, sidan dei to gjekk så godt i hop.

Ein fekk det ein kallar GNU/Linux ein kombinasjon av FSF sin opne programvare og Linux-kjerna. Richard Stallman kjempar hardnakka for å kalle det GNU/Linux, men likevel er det berre ordet Linux som vert hengande att på folkemunne, noko som gjer at ein kom i den situasjonen ein har i dag: at ein berre kallar det Linux. I dag vert derimot GNU/Linux brukt på Linux-operativsystem som berre brukar open programvare. I nokon tilfeller vert det brukt drivarar eller programvare som har lukka kode i Linux, då kan det ikkje karakteriserast som GNU/Linux.

På grunn av den store fridomen ein fekk til å modifisere Linux-kjerna var det personar eller grupper av personar som laga sine eigne modifikasjonar som passa betre til deira bruk. Desse modifikasjonane fekk namnet Linux-distrubusjonar eller Linux-distroar og vart publisert slik at andre som hadde bruk for dei same funksjonane. Etter kvart som samfunnet rundt Linux vaks spratt det fram fleire og fleire ulike Linux-distroar. Mange av desse er ikkje under utvikling lenger sidan dei anten ikkje var sørleg brukbare, eller dei var berre hobbyprosjekt og han eine som stod for utviklinga missa til slutt interessa.

Dette er altså eit kort samandrag av bakgrunna til Linux. Sjølvsagt er det mykje meir å skrive om, men ein kunne fyllt ei heil bok med berre bakgrunna til Linux, så her er iallefall det som kan gje deg ei grunnforståing av bakgrunna. I neste del kjem eg til å gå gjennom eit par ulike Linux-distroar. Eg kjem til å nemne nokre av dei meir populære og nokre av dei meir minneverdige. Då kjem det sjølvsagt og tips om kvafor nokre Linux-distroar ein bør ta ein kikk på om ein ynskjer å utforske Linux litt meir.

Litt terminologi:

Operativsystem
Samling av program som kjører på ein datamaskin. Inneheld alt frå ei kjerne til drivarar og ulike programvare. Eksempel er til dømes Windows, OSX, BSD og Ubuntu
Linux
Kjerna i eit Linux-operativsystem. Eit program som verker som infrastruktur for alle dei andre programma. Kjerna kommuniserer med alle delar av datamaskinen, slik at dei kan arbeide i lag.
FSF
Free Software Foundation. Skipa av Richard Stallman for å fronte open programvare. Står bak GNU GPL.
GNU
Gnu’s Not Unix. Eit prosjekt som vart starta av Richard Stallman for å samle program med open kjeldekode. GNU skulle ikkje vere ein del av Unix, men eit eige prosjekt som grunna i dei originale tankane bak Unix; alt var opent for alle.
GNU GPL/GPL
GNU General Public License eller berre GPL. Ein programvarelisens som gjer at den som lager eit program held på opphavsretten, men let likevel andre sjå kjeldekoden, endre programmet til eigen bruk og publisere endringane under visse krav.
Linux-distrubusjon/Linux-distro
Eit operativsystem som byggjer på Linux-kjerna og har eit utval av program lagt ved.

Meir lesing: