Her kjem den siste delen av artikkelserien som har gått her på TeknoNytt. I dei tidlegare utgåvene har me sedd på bakgrunna til Linux i lag med litt terminilogi og nokre ulike Linux-distroar. I denne delen kjem me til å forklare litt korleis ein kan teste ut Linux, utan å måtte gjere noko form for store endringar på datamaskinen. På denne måten kan dei som er litt nysjerrige på Linux få lov å prøve seg litt fram, utan å måtte vere redd for innhaldet på sin eigen datamaskin.

Dei tidlegare delane:

Om ein har lyst til å teste ut Linux utan å gjere endringar i operativsystemet som allereie er installert på datamaskinen er det to måtar ein enkelt kan gjere det på: sit ein på ein Windows-maskin har Ubuntu og nokre avslekta distroar ein innebyggja installatør, kalla Wubi, som installerer Linux inne i Windows, som om det var eit vanleg program. Når ein startar maskinen kjem Ubuntu opp og ein kan velje om ein vil starte Windows eller Ubuntu. Ein annan måte å gjere det er å bruke ein virtuell maskin. Ein virtuell maskin er eit progam som kjører og later som det er ein datamaskin. I denne virtuelle maskinen kan ein gjere kva ein vil, det vil ikkje på noko måte påverke din eigen datamaskin.

Wubi
Alt du treng å gjere er gå til Ubuntu sine heimesider og laste ned ei iso-fil her. Brenn ho til ein CD (med til dømes ImgBurn) og start CD-en i Windows. Du vil då få opp eit vindauge med tre val, her vel du å installere Ubuntu inne i Windows. Deretter vil du få opp eit vindauge med nokon enkle instillingar før installasjonen vert satt i gang. Når det er ferdig å installere vert spurd om å starte maskinen på ny og starte Ubuntu. Når du kjem inn i Ubuntu vil du få den verkelege installasjon og oppsettet av Ubuntu, noko som tek litt under ein halvtime. Deretter er alt klappa og klart til bruk. Om du vil ha ei meir grafisk forklaring har eg lagd til ein video som syner installasjonen (mannen i videoen er Linux-fanatikar, så han kan ha eit par Windows-fiendtlege merknadar:

Virtuell maskin
Når det kjem til virtuelle maskinar er det mange val, her er det noko for alle operativsystem. Dei meste kjende er kanskje Parallells til Mac eller VMWare til både Windows og Mac. Det eg derimot kjem til å ta utgangspunkt i her er VirtualBox, som er utvikla av Sun og er laga til dei aller fleste operativsystem. Det er og lett å bruke. Du lastar ned VirtualBox og installerer. I tillegg må du laste ned iso-fila til ein Linux-distro og lagre ho på disken. Å setje opp ein virtuell maskin er litt vanskeleg og tungvint å fokalare utan bilete, difor let eg videoen gjere arbeidet for meg. I videoen er det Ubuntu som vert installert.

Dette var den siste utgåva i denne artikkelserien. Om det er noko de lurer på er det berre å spør i kommentarfelta nedanfor. Det er ikkje sikkert at eg kan svare på alt, men i så tilfelle skal eg prøve å finne svaret ein annan stad. Samfunnet rundt dei ulike distroane plar ofte å vere hyggjelege til nykommarar, så ein kan og prøve seg i foruma på heimesidene til distroen du prøver.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here