I den fyrste delen av denne artikkelserien såg me på bakgrunna til Linux, kvar det heile starta og kva som ligg bak ordet Linux. Det vart og kort forklart kva GNU/Linux er og andre uttrykk som ofte vert brukt i Linux-samanheng. Om du fyrst no hopper på artikkelserien, vil eg tilråde deg til å lese den fyrste delen fyrst, slik at du ikkje fell av lasset.

Artikkelserie:

I denne delen av artikkelserien har eg tenkt å syne fram eit par ulike Linux-distroar. Dei heldige utvelde er ulike distroar som anten har ei form for “historisk” tyding, er bra alternativ for nybyrjarar eller at det er noko anna spesielt ved dei som gjer at dei er verd å nemne i samanhengen. Dette kjem ikkje til å vere noko form for anmelding av dei ulike distroane, det er strengt tatt berre ei lita forklaring på kvifor distroen er spesiell og litt kva ein kan vente om ein vel å prøve han ut.

Slackware Linux
Tross det merkverdige namnet er ikkje Slackware noko å le av. Slackware er den eldste Linux-distroen som enno er under aktiv utvikling. Slackware har ein lojal brukarbase som gjer at distroen enno er oppdatert på det siste som skjer. Slackware er prega av å vere ein tidleg Linux-distro i den tydinga at han er særdeles Linux-geeksentrert; ein bør med andre ord ha litt peiling på Linux før ein hoppar på Slackware.

Debian Linux
Ein liten morofakta: namnet Debian kjem frå paret Debra og Ian, som utvikla Debian. Debian er ein av dei mest populære distroane å byggje på. Mange populære Linux-distroar byggjer på det som Debian har danna, noko som gjer at alle Linux-distroar som er byggde på Debian og kan kjøre program som er utvikla til Debian.

Mandriva Linux
Tidlegare kjend som Mandrake. Mandriva vart i mange år rekna for å vere den Linux-distroen som var enklast å bruke for nybyrjarar. Instillingane i Mandriva var kanskje litt avgrensa i samanlikning med andre Linux-distroar på det seine 90-talet og tidlege 00-talet, men det var ein eigenskap som gjorde det enklare for nybyrjarar å kome inn i Linux.

Ubuntu Linux
Ubuntu er ein av dei mest populære Linux-distroane blant Linux-nybyrjarar. Distroen forenklar mykje av arbeidet i Linux og er den fyrste Linux-distroen som verkeleg har gjort Linux tilgjengeleg for massane. Mykje av det vanskelege Linux-arbeidet har vorte fjerna, på bekostning av at ein ikkje har like mykje valfridom som ein har i andre Linux-distroar.

Linux Mint
Mint er byggja på Ubuntu og minner difor til ein viss grad på storebroren, likevel har dei siste versjonane vortre meir uavhengige. Mint tek heile Ubuntu-bodskapen eit skritt vidare og gjer alt enklare for brukaren. Utviklarane har laga eigne program for programinstallering og systemoppdatering, som gjer det enklare å finne fram for nybyrjarar.

Fedora Linux
Fedora er ein “bleeding edge”-distro, det tyder at Fedora har alltid dei siste oppdateringane innanfor dei ulike programma som er lagd med i installasjonen. Om det er alpha-, beta- eller ferdigversjonar er likegyldig – det skal vere den siste utgjevne versjonen. Dette går sjølvsagt til tider på bekostning av stabiliteten til nokre av programma.

Draco Linux
Dette er ikkje ein særleg kjend Linux-distro, det spesielle derimot er at han er utvikla av ein nordmann. Draco er eit einmannsprosjekt som vert drive av Ole Andre Rodlie. Målet til Draco er å vere eit lett (les: ikkje tungt å drive) operativsystem. Det heile starta som ein liten modifikasjon av Slackware, men er no ei eiga grein.

SkoleLinux
SkoleLinux er og ein Linux-distro som har utspring i Noreg. SkoleLinux har, som namnet tilseier, som hovudmål å vere ein skuledistro. Distroen skal gjere det enkelt å administrere skulenettverk, i tillegg er det innebyggja støtte for tynnklientar, slik at ein kan bruke gammal maskinvare. Prosjektet er til og med delvis sponsa av Utdanningsdepartementet.

Dette er berre ei kort liste over nokre av dei Linux-distroane ein kan finne rundt om på veven. Det finst nesten ein Linux-distro for kvart bruksområde ein kan tenke seg. For å finne fleire Linux-distroar kan ein gå til DistroWatch, som har ein utruleg database over Linux-distroar. Her kan ein og finne nyheitar om dei ulike distroane.

Om ein har lyst til å prøve seg på Linux er Ubuntu sjølvsagt å tilråde. I Ubuntu er det ikkje noko form for avanserte instillingar ein ikkje skjøner seg på. Har ein satt opp ein Windows-PC kan ein setje opp ein Ubuntu-PC. Er du litt i tvil om du kjem til å skjøne Ubuntu kan du prøve Linux Mint. Mint er antakeleg den distroen som gjer det enklast for nybyrjarar å kome inn i Linux. Om ein på eit seinare tidspunkt ynskjer å skifte Linux-distro er det jo ingen som nektar deg det.

Det fine med Linux er at dei aller fleste distroane har eit samfunn rundt seg som er meir enn glade å hjelpe deg. Nokre ser på det som ei myte, noko det definitivt ikkje er. Linux-brukarar er meir enn glade for å hjelpe deg med eventuelle problem du måtte ha. Ubuntu har fått ein del skryt for dei miljø rundt distroen, mykje sannsynleg på grunn av det er mange som ein gong såt i stolen din og lurte på kva dei skulle gjere og no kan dele løysinga med deg.

Meir lesing: