Kvifor Sony står godt rusta til den neste generasjonen spelkonsollar

Ein kan utan tvil seie at Sony slit meir enn dei er villige å seie. Etter sein lansering av PlayStation 3 og eit dårleg sal, er det ikkje akkuratt mykje å glede seg over, likevel kan Sony sjå fram til den neste generasjonen spelkonsollar

Sony har ikkje akkuratt vore like heldige med denne generasjonen spelkonsollar som dei var i den forrige. Då Sony lanserte PlayStation 2 vart han riven or hyllene i butikkane, folk lovpriste den sterke konsollen som kunne levere grafikk som var utruleg realistisk. Konsollen vart ikkje berre populær hjå forbrukarane, men òg hjå utviklarane. Sjølv om me i dag har sat begge føtene inn i generasjonen med PlayStation 3 og XBox 360, vert det enno utvikla ein del spel til PlayStation 2.

PlayStation 3 har vore ei ulykke etter ei anna. Det fyrste problemet var at konsollen vart forsinka. Microsoft fekk eit godt års forsprang med XBox 360-en sin og kapra marknaden frå Sony. Då Sony endeleg leverte varene, var PlayStation-en ein dyr vare: prisen var høg og folk var lite villige å kjøpe den svære konsollen. Sjølv om konsollen hadde ei lang rekke med lanseringsspel, var det ikkje nok til å få han utseld i kvar einaste butikk.

Problema stopper likevel ikkje der for Sony. Dei sel PlayStation-en med store tap. Konsollen vert seld for mindre enn det produksjonskostnadane er og Sony byrjer å slite med økonomien. Sony kjem til punktet kor innsparingar er naudsynt og strippar PlayStation-versjonane. I Europa misser ein støtta for PlayStation 2-spel og får ein mindre harddisk.

Sjølv om konsollen har vore på marknaden ei god stund er det likevel ein del studio som ikkje klarer å utvikle kvalitetsspel til konsollen. Dei er meir vane med XBox-en og dei slit med å halde fps-en (frames per second) oppe. Dette kjem av at grafikkortet som er installert i PlayStation 3-en er eit NVidia-kort som eigentleg er lagd for pc-ar, ikkje konsollar.

Tidene ser likevel ut å lysne for Sony. Dei har fått fleire kvalitetsspel og utviklarar klarer endeleg å få meir ut or konsollen. Etter at konsollen har vore ei stund på marknaden, har dei blitt vane med maskinvaren og klarer utnytte han betre.

Sony reklamerte hardt for at dei hadde den sterkaste maksinvaren på marknaden, noko som òg er sant. Deira 6+1-kjerna cell-prosessor som er levert av IBM, er det kraftigaste som sit i nokon av konsollan til dags dato. Luksusproblemet er at ingen klarer å utnytte dei store kreftene; dei er ikkje i nærleiken ein gong. Ein genistrek frå Sony si side vil dermed være å bruke den same maskinvaren vidare i den neste generasjonen, noko det allereie går rykter om. Mykje av den andre maskinvaren vil verte endra, men ikkje prosessoren, noko som gjer det enkelt for utviklarar å tilpasse seg den nye konsollen.

Den neste generasjonen med konsollar er venta i omtreng år 2011. Sony har sjølv sagt at PlayStation 3 har ei levetid på 10, men det er hinta om at PlayStation 4 allereie kjem saman med dei andre konsollane i 2011. Det er ikkje noko som seier imot ei lita overlapping på eit par (eller 7) år.

Sjølv om den neste generasjonen kjem tidleg og fort, vil Sony denne gongen kanskje har forspranget. Om dei går for den «lette» løysinga og oppgraderer maskinvaren rundt cell-prosessoren, kan dei kutte ned på utgiftene på utvikling og produksjon, noko som igjen kan gje dei ein tidlegare sleppdato. Det vert òg hinta om Sony skal prøve å sikte på meir innovasjon med PlayStation 4, litt i same linje som Wii har gjort. Ein skal likevel ikkje verte lurt til å tru at PlayStation-en kjem til å hengje etter ytelsemessig. PlayStation 4 kan verte opptil fire gongar sterkare, med eit par oppgraderingar av maskinvaren, enn PlayStation 3.

Gjer Sony dei rette tinga vidare kan dei reise seg frå ydmjukinga og ta ein rettferdig del av konsollmarknadkaka. Med litt taktikk frå her kan Sony stå godt rusta til den neste generasjonen av spelkonsollar og kanskje, men berre kanskje, kuppe trona tilbake.

Denne teksten er ein kommentar frå Jon Stødle si side. Ingen meiningar eller ytringar her representerer på noko vis TeknoNytt sitt offisielle syn på saken(e) diskutert. Teksten ovanfor er ein kommentar frå skribenten si side og gjenspegler hans meiningar.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...