Nokon gong fått spørsmål som du ikkje veit svaret på, men kan enkelt finne ut på veven? Det har eg, difor har eg byrja å bruke «let me Google that for you»
Nokon gongar så for ein dumme spørsmål når ein sit og snakkar på MSN eller eit irc-rom. Du kan kanskje ikkje svaret, men du veit at du kan lett finne det ut ved hjelp av din gode ven Google. Du endar dermed opp med å søke etter svaret på Google og sende lenkja på søket eller lenkja til der svaret står til den som spør.
Mange er kanskje kjende med «just fucking google it» (.com) som er ei side som har vorte brukt ein del. Sjølv om ho er morosam, er det likevel mange som bruker ho feil. Men det var her for ei stund tilbake at eg snubla over letmegooglethatforyou (.com).
Letmegooglethatforyou let deg skrive inn det du søker etter og trykke på anten «Google Search» eller «I’m Feeling Lucky». Du får då ut ei lenke: lenkja sender du deretter til den du ynskjar å skulere. Om du går til lenkja vil du få ein video som viser korleis ein gjer eit søk på Google og sender deg deretter til søkeresultata for søket på Google
Letmegooglethatforyou finn du her.