I den fyrste artikkelen viste eg dykk korleis de kan endre mengda hurtigval ein får opp i tomme faner. I denne artikkelen tar eg føre meg korleis ein kan lage eigne bilete som ein kan bruke i hurtigvala.

No er det enklare å sjå kva sider dei lenker til
No er det enklare å sjå kva sider dei lenker til

Ofte skulle ein ynskje at ein heller kunne hatt eit ikon i staden for eit knøttbiletet i huritgvala. Dette gjeld spesielt om sida som vert vist i miniatyr ikkje klart uttrykk for kva side det eigentleg er, kva med ein logo i staden for?

For å lage knøttbileta bør ein ha eit bileteredigeringsprogram som er litt meir avansert enn Paint i Windows, det er ikkje påkrevd, men det kan gjere prosessen enklare. Som eit par tips kan ein ta ein kikk på ein tidlegare artikkel her på TeknoNytt som tek føre seg fleire applikasjonar for Windows, OSX og Linux.

Det fyrste steget for å lage dei eigne bileta er å finne eit nytt bilete som du vil erstatte det gamle med, her kan du til dømes gjere eit søk på Google biletesøk etter [vevside] logo. Opne deretter bileteredigeringsprogrammet og lag eit nytt bilete med dimensjonane 256×192 pikslar. Dette biletet lagrar du deretter i formatet .png.

Deretter må du finne mappa kor bileta skal, den kan du finne ved å skrive opera:config i adresselinja og søke etter “speed dial file”. Ta adressen du finn der og visk ut alt som står til høgre for den siste skråstreken, gå så til denne adressen i Finder eller Windows Utforskar. Her finn du mappa “thumbnails”, opne denne.

I thumbnails-mappa vert alle knøttbileta lagra. Det du no gjer er å kopiere dine eigne knøttbilete over til denne mappa og gjer dei det same namnet som det biletet dei skal erstatte. Du kan deretter slette dei gamle knøttbileta. Ein viktig ting å gjere etter at ein har lagt inn sine eigne bilete er å gå i egenskapane til bileta og setje fila skrivetryggja, slik at Opera ikkje skriv over ho.

Hugs å starte Opera på ny for at endringane skal tre i kraft…