Litt om XP-modus i Windows 7-sleppkandidaten

Ein av nyheitane som kom ut like før sleppet av Windows 7 sin sleppkandidat (RC), var at han ville innehalde ein «XP-modus». XP-modus vil gjere det mogleg å kjøre program som elles ikkje kan kjøre i Windows 7. Dette ved hjelp av virtualisering.

littomxpmodus
Windows 7s XP-modus.

Kritiske røyster på veven påstår at dette er eit teikn på at Microsoft forstår at XP ikkje kan fjernast med det fyrste, eller at dei feigar ut sidan Vista og 7 ikkje støtter alle dei gamel programma. Det er på mange måtar feil. XP-modusen gjer det mogleg for folk å gjere hoppet, utan å måtte tape noko. I tillegg vil små verksemder ha moglegheit til å oppgradere til Windows 7, utan at dei må få all den gamle programvaren oppdatert, noko som kan vere ein kostbar prosess.

Virtualisering er eit enormt kapittel og eg vil difor ikkje ein gong gå inn på den kategorien. I korte trekk er det derimot snakk om eit program som kjører på datamaskinen som lager ein «liksom-pc» som ein kan installere eit operativsystem på. For meir lesing om virtualisering kan ein ta ein kikk på engelsk Wikipedia.

XP-modus vil verte tilgjengeleg i dei dyrare Windows 7-versjonane, desse er Home Premium, Enterprise og Ultimate. Med i pakken kjem ein versjon av Windows XP, kor ein kan kjøre heile operativsystemet inni Windows 7 og moglegheiten til å kjøre berre enkeltprogram i XP-modus. Ein kan derimot ikkje gjere begge på same tid: ein kan anten kjøre Windows XP eller kjøre eit program i XP-modus.

For å kjøre XP-modus må ein òg ha god nok maskinvare. For å kunne bruke XP-modus må ein ha ein prosessor på minst 1 GHz, minst 1.25 GB RAM og 15 GB harddiskplass. Dette er sjølvsagt minstekrava og det tilrådast sterkt å ha betre maskinvare enn dette om ein ynskjer å få ein meir behageleg erfaring med XP-modus.

Ein annan sak som vart kjend for kort tid sidan er at datamaskinen sin prosessor må ha støtte for virtualisering for at ein skal kunne kjøre XP-modus. Maskinvarestøtte for virtualisering har ikkje tatt skikkeleg av enno, men XP-modusen i Windows 7 kan kanskje vere den faktoren som får det heile til å få fart. Det har vist seg at alle nyare AMD-prosessorar har støtte for virtualisering, så lenge dei ikkje er i Sempron-serien.

For å sjekke om prosessoren din har støtte for maskinvarevirtualisering kan ein ta ein kikk på spesifikkasjonane og sjå om AMD-prosessoren er merka med AMDV eller om Intel-prosessoren er merka med VT. Om ein derimot ikkje har så god peiling på slikt kan ein enkelt laste ned SecurAble frå denne sida (nedlastingslenka ligg rett under biletet). Ein lagrer berre fila på datamaskinen og kjører programmet ved å dobbelkiklikke på fila (ingen installasjon naudsynt).

Ingen XP-modus på denne datamaskinen
Ingen XP-modus på denne datamaskinen

Securable vil gje deg tre svære resultat, det fyrste i form av eit tal og dei to neste i form av «Yes» eller «No». Ein kan trykke på dei ulike svara for å lese meir om kva dei tyder, men i korte trekk er det fyrste talet eit svar på om ein kan kjøre 64-bit-operativsystem eller ikkje, det neste er om ein har støtte for ekstra trygging av datamaskinen ved hjelp av maskinvare/prosessor og det tredje svaret er om det er maskinvarestøtte for virtualisering. Er det tredje svaret eit grønt «Yes» er det mogleg å bruke XP-modus i Windows 7.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...