MagicFormation – rask tilgang til ulike snarvegar [Windows]

Er det ein ting alle elskar så er det enkel tilgang til dei programma eller mappene ein bruker mest. Ein kan dermed øke effektiviteten og minske på tida ein bruker etter å leite fram det ein ynskjer å finne. Dei fleste har ofte funne seg metodar for å ha dei snarvegane ein bruker mest lett tilgjengeleg uansett kva ein driv på med.

MagicFormation er eit lite hendig program som let deg få tilgang til sjølvvelde snarvegar raskt. MagicFormation i ei enkel form av ei kjørbar fil som du lastar ned i ei zip-fil. Når du kjører MagicFormation får du opp eit lite ikon i systemkorga som viser at det kjører og som gjer deg moglegheita til å avslutte MagicFormation, pause det, endre instillingane eller fjerne ikonet.


<i>Enkel tilgang til sjølvvelde snarvegar</i>
Enkel tilgang til sjølvvelde snarvegar


MagicFormation let deg velje kva snarvegar du vil skal kome opp når du enkelt og greit teiknar ein liten sirkel med musa. Det er òg støtte for fleire sider, slik at ein ikkje vert avgrensa av mengda ikoner som kan visast om gongen. Det går òg an å velje kva dei ulike knappane på musa skal gjere og kva som skal skje når dei vert trykka på i lag med ein tastaturkombinasjon.

Det er òg mogleg å laste ned ulike draktar til MagicFormation, slik at du kan gjere ikona personlege til deg. Du kan velje kor store ikon du har lyst til bruke slik du anten ikkje bruker så mykje av skjermplassen eller at du kan sjå ikona enklare. Du kan òg endre på ulike effektar som til dømes ikonanimasjonar om du ikkje har ein datamaskin som liker å tenkje fort.

Last ned MagicFormation

Les meir om MagicFormation

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...