Meir info om neste Windows i oktober…

Microsoft kjem til å fortelje meir om deira neste operativsystem i oktober

Mange har gått sterkt ut mot Vista. Dei har nekta å gå over til Vista av ulike grunnar. Microsoft har innrømt at Vista har fått ein skjeiv start og slit litt med å kvitte Vista med det dårlege ryktet.

Microsoft jobbar, på tross av småproblem med Vista, aktivt med den neste Windows-versjonen, Windows 7 (tidlegare Windows Vienna). Microsoft har vore ganske rolege om deira nye operativsystem. Dei har kun sluppe noko info her og der, utan å gje nokre særleg for forbrukarane å ta tak i.

Det Microsoft har fortalt om Windows 7 fram til no er i grove trekk at det kjem til å byggje på same kjerna som Windows Vista er byggd på. Det har har òg vorte sett ein heil del mål som Microsoft ynskjer å nå med Windows 7. Det vart òg i mai vist ein videodemonstrasjon om korleis berøringsskjermfunksjonaliteten i Windows 7 kunne kome til å verte.

Video: Multi-Touch in Windows 7

For å gjere Windows 7 til ein betre brukaroppleving, har Microsoft oppretta ein eigen dedikert blogg om utviklinga av Windows 7. Her vil dei skrive om korleis utviklinga går og anna som har med Windows 7 å gjere. I ein bloggpost fortel ein av forfattarane at dei kjem til å sleppe ein del teknisk informasjon om Windows 7 under Professional Developers Conference (PDC) 27. oktober.

Det vert òg fortald at Microsoft er mykje opnare og tidlegare i samtale med PC-produsentane, for å gjere Windows 7 betre integrert. Ein uspesifisert topp i ein av PC-produsentane fortel til bloggaren Ina Fried på CNET at «…det er som natt og dag.»

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...