Møt min store kjærleik: Spotify

Spotify var noko eg hadde lese såvidt om på veven, utan at eg tenkte noko særleg meir over det. I desse dagar er det mange vevsider som kjører julekalendarar og DinSide Data deler kvar dag ut 100 invitasjonar til lesarane sine og ein eg kjenner klarte å kare til seg ein invitasjon blant dei mange utfordrarane. Han viste deretter Spotify til meg og eg kunne ikkje vente med å få fingrane på det herlige programmet.

Spotify er ei teneste like mykje som det er eit program. Ein lastar ned klienten til Spotify og ein får musikk «streama» direkte frå veven. No, dette er ikkje nytt på noko vis, men det heile er gjort på ein så utruleg elegant måte. Spotify er like raskt, om ikkje raskare enn mange av dei populære musikkavspelingsprogramma der ute.

I Spotify gjer ein eit enkelt søk etter ein song, artist eller album og Spotify vil vise deg alt det har å by på. Biblioteket er stort og dei fleste store artistar er inkludert. Ein kan høyre heile album gjennom Spotify, berre ved å dobbelklikke på albumet eller songen ein ynskjar å høyre. Det er òg mogleg å leggje til songar eller heile album i spelelister, slik at ein slepp å finne att songane eller albuma ein liker.

På heimesida i Spotify får ein sjå kva som vart sist lagd til i Spotify. Her står artistar og album som er klare til å høyrast på. Ein kan òg syne topplister over dei mest populære albuma og songane. Ein kan filtrere topplistene mellom heile Spotify-nettverket, til berre Noreg (eller eit anna land) eller til berre deg sjølv, slik at du får opp det du speler mest.

Det finnst òg ein «radio» i Spotify. På radioen kan ein velje ein eller fleire sjangarar i tillegg til kva tiår ein ynskjer å høyre musikk frå. Spotify set deretter opp ei liste over songar som kjem til å spelast av. Ein kan fritt hoppe over songar eller høyre den forrige songen om att.

Enkelt grensesnitt i Spotify
Enkelt grensesnitt i Spotify

Sjølv om alt dette kanskje ikkje høyrest så utruleg imponerande ut, er det likevel farten på sjølve programmet som er imponerande. Programmet startar utruleg kjapt. Når ein søker etter noko eller trykker for å navigere, skjer alt utruleg kjapt. Sjølv songane vert spelt av med ein gong. Noko av dette kjem av at Spotify mellomlagrar informasjon på harddisken. Som standard tek Spotify maks 10% av den ledige harddiskplassen din.

Om du ynksjer å prøve Spotify må ein anten betale for eit eindagspass, som kostar 9 kroner eller betale for ein premiumkonto. Premiumkontoen let deg betale 99 kroner for ein månad eller 999 kroner for eit år. Du kan òg skrive deg opp som betatestar og vente på din tur, då vil Spotify vere gratis å bruke, men innehalde reklame.

Du kan òg prøve ut Spotify ved å få ein invitasjon. TeknoNytt har fått 10 invitasjonar til å dele ut, alt du treng å gjere er å vere ein av dei ti (10) fyrste som sender ein e-post til [email protected] med «Spotify» i emnelinja

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...