Ein av Gartner sine analytikarar spår no at musa vil døy om fem år.
Gartner er eit av dei støre analysebyråa som driv og analyserer marknaden og prøver å gje prognoser for framtida. Steve Prentice er ein av Gartners menn og han har no gått ut og sagt at musa vil døy om berre fem år.
Sjølv om ein alltid bør ta analytikarane sine spådommar med ei klype salt er det likevel noko i det han fortel vidare. Prentice hevdar at musa kan godt brukast på stasjonære dataar, men at ho ikkje er levedyktig til bruk saman med mediasenter-pc-ar eller på bærbare. Her vil musa døy.
Som erstatning for den antatte utryddingstrua dyrearten foreslår Prentice at multitouch, andletgjenkjenning eller tankelesane utstyr vil ta over. Tør eg forsiktig å foreslå denne typen musenavigering, kor pekaren går dit augene ser: