MZ CPU Accelerator – alloker reknekrafta til prosessoren [Windows]

Noko av det som kan auke responstida til ein datamaskin er om prosessoren har mykje arbeid å gjere. Prosessoren er på mange måter hjernen som må tenke ut alt som skal skje og om prosessoren har det travelt, tek det litt tid før ting kan skje. Det er mogleg å bestemme kva prosessar som skal få mest prosessorkraft tildelt, men det er tungvint. For å endre prioriteten må ein opne oppgåvehandsamaren og velje «Prosesser»-fana. Her kan ein høgreklikke på ein av prosessane og velje prioritet.

Å bruke den ovanfornemnte metoden for å endre kor stor prioritet eit program skal ha, kan vere særdeles tungvint. Kvar gong ein opnar eit program må ein inn og endre prosessorprioriteten. Ein har kanskje òg lyst til å endre prioriteten til det programmet ein brukte, sidan ein skal ha det køyrande i bakgrunna. Ein treng ikkje å vere rakettforskar for å forstå at det her kan verte ein enorm jobb.

Heldigvis er det nokon personar der ute som har dei same problema og heldigvis har dei funne ei løysing på problemet. Michael Zacharias har tatt seg tida til å skrive eit program som han har kalla MZ CPU Accelerator. Programmet køyrer i bakgrunna og allokerer automatisk reknekrafta til prosessoren til det programmet som er aktivt, det programmet som er i bruk. Når du skifter program vil programmet automatisk justere på prioriteten slik at det nye programmet får meir reknekraft medan det andre får mindre.


<i>Her kan ein endre oppførselen til programmet</i>
Her kan ein endre oppførselen til programmet


I MZ CPU Accelerator får ein òg eit par val ein kan stille inn etter sine eigne behov. Ein kan velje kor mykje prioriteten skal verte skrudd opp, ein kan få programmet til å ignorere visse prosessar, slik at ein slepp at prosessar som ikkje er tunge å køyre ikkje får unyttig mykje prosessorkraft. Når MZ CPU Accelerator køyrer i bakgrunna syner det eit lite ikon i systemkorga, ein kan velje korleis ikonet skal sjå ut eller om ein ynskjer at det skal vise prosessorbruken.

Last ned MZ CPU Accelerator

Heimesida til MZ CPU Accelerator

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...