Apple sin populære AppStore har fått Microsoft til å tenkje på (nok ein?) tilsvarande teneste til sine brukarar
Apple lanserte AppStore med den nye iPhonen og 2.0-oppdateringa til den gamle iPhonen. I AppStore kan utviklarar leggje ut applikasjonar dei har utvikla for iPhonen. Med denne er det fyrste gongen at det vart mogleg å kjøre tredjepartsprogramvare på epletelefonen utan å hacke han. Butikken har vorte populær og har i dag over 2000 applikasjonar som lastast ned.
I kjølvatnet av suksessen har Microsoft no opna augene og sedd kor poplær den felles staden for applikasjonane til iPhonen har vorte, noko som gjer at dei har byrja å tenkje i liknande banar: i to nye stillingsannonsar utlysar dei to nye arbeidsstillingar som «Senior Product Manager» og «Product Manager». Begge stillingane skal jobbe med Microsoft sin nye butikk for Windows Mobile-applikasjonar, Skymarket.
Skymarket kjem til å verte ein plattform for utviklarar som har lyst å kjene ein slant på applikasjonane dei utviklar for Windows Mobile. Microsoft vil integrere den nye marknaden i Windows Mobile 7 som er venta å kome i løpet av 2009. Likevel kan nokre utviklarar vente å sjå ein prøveversjon av marknaden allereie mot slutten av året, slik at dei kan adoptere applikasjonane til å vere kompatible med butikken.
Marknaden for ein slik butikk vert teken for å vere ganske stor. AppStore har som sagt 2000 applikasjonar, medan det til no har vorte utvikla over 18 000 applikasjonar til Windows Mobile. Ein må likevel ta med i rekninga at det er mange applikasjonar som ikkje er lista i AppStore, som kun kjører på ein iPhone som er hacka.