Opera Software har no lagt ut betautgåven av versjon 10. Den store skilnaden mellom betaen og alfaen, som har vore tilgjengeleg ei god stund er fleire funksjonar som har vorte innbakt.

I følge Opera Software sjølv er det fyrst i beta-versjonane ein kjem til å sjå inkluderinga av nye funksjonar i Opera. På alfa-stadiet er det fyrst og fremst teiknemotoren, Presto, som får oppgraderingar og forbetringar.

I den nye betaen er det lagt til høve til å endre på mengda hurtigval, noko som er spesielt greit for dei med stor skjerm. I tillegg, for dei av oss som har vidskjerm, er det òg lagt inn høve til å ha til dømes 3×4 hurtigval, slik at ein kan utnytte meir av skjermen.

windowsopera No kan du prøve Opera 10 betaen
Nokon som har vorte inspirert?

Ein av dei meir overraskande funksjon er høve til å dra ned linja under fanene og få opp miniatyrvisning av alle fanene som er opna. Det ser ut til at Opera Software har vorte litt inspirert av eit konsepta til Windows, kor det vart vist miniatyrbilete av dei opne vindauga.

Opera Turbo har òg klart å kare seg til ein plass i betaen. Opera Turbo som me har nemnt to gongar tidligare her på TeknoNytt, ser ut til å ha fått klarsignal for å vere med i den neste versjonen av Opera. Dette har tidlegare ikkje vore sikkart, men det ser no ut til at dette er meir eller mindre slått i stein.

Du kan laste ned Opera 10 betaen ved å velgje plattform og versjon på denne sida. Ein bør hugse på at dette er framleis ein beta, så det kan vere at alt ikkje verker slik det skal. TeknoNytt tilrår at ein ikkje bruker beta-programvare til dagleg bruk, men heller berre av interesse.

Om du vil lese meir om dei nye funksjonane i Opera kan du gå på denne sida. På denne sida kan du både sjå på dei funksjonane som er lagt til i betaen, men òg dei som vart lagt til i alfa-versjonen.