No nærar VLC seg endeleg versjon 1.0

Medieavspelaren til VideoLAN, VLC, er ein av dei mest populære medieavspelarane ein finn på veven. Mykje av grunnen til å VLC sin suksess er at nært alle kjende format vert støtta, utan nokon form for problem. Oppfattinga til mange er at ein berre kan kaste kva ein vil til VLC og han speler av.

vlcsnariversjon1
No nærar VLC seg endeleg versjon 1.0. (Foto: VLC)

VLC har vore under utvikling lenge og sjølv om dei fleste vil seie at produktet er meir eller mindre perfekt, har avspelaren likevel ikkje klart å nå versjon 1.0 i løpet av dei mange åra under utvikling. No, derimot, ser det ut til at målet er nær. VideoLAN-teamet slapp for to dagar sidan sleppkandidaten til versjon 1.0 av VLC.

I 1.0-versjonen vil det kome ein del feilrettingar i tillegg til eit par nye funksjonar. Ein av nyhendene som vert trekt fram er at pausing no skjer med ein gong, i staden for å vente eit par milisekund. Det er no òg mogleg å bruke medieknappane på Mac-tastatur, dette er berre støtta under OSX.

På vevsidene til VideoLAN var det lite å finne om sleppkandidaten til VLC, men på Filehippo kan ein lese endringsloggen som viser alle endringane som er gjort. Her er det òg mogleg å laste ned sleppkandidaten, som ser ut til å kun ha kome i Windows-versjon.

Kor tid ein kjem til å sjå den endelege versjonen av versjon 1.0 er ikkje visst, men det er utvilsomt mange som ser fram til den dagen.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...