JVC viser fram den nye øyrepluggmodellen deira – som skal gje betre lyd

For nokre par år sidan byrja ein ny type øyreproppar å koma på marknaden. Proppane var små, men den hadde ein silikonbete som sat på. Silikonen vart stappa inni øyregangen og forma seg deretter. Desse ga mykje betre lydisolasjon og betre lyd.

Personleg var eg tidleg ute med å bruke slike proppar og mange tykkte dei ikkje var gode, dei “fell berre ut or øyra”. Dette kom av at dei hang dei i øyremuslingen (“vinga” som me kallar øyre i daglegtale), dei forsto ikkje med ein gong at silikonen skulle pressast inn i øyra. Då folk flest byrja å skjøna kva det heile gjekk ut på, fekk dei den same opplevinga som eg gjorde fyrste gongen eg stappa framandleikamane inn i øyregangen: ei heilt ny musikkoppleving.

JVC har no tenkt å ta dette enno eit steg vidare. Dei har no vist dei fyrste bileta av ein ny type propp med namnet HP-FXC50, som skal gje enno betre lyd, samt betre lydisolasjon. Proppen som berre måler 5,8 mm i diameter skal skyvast enno lenger inn i øyregangen, nærare trommehinna, for å gje den betra lydopplevinga. I tillegg til at lyden skal verte betre, lover JVC òg at komforten skal vere betre.

jvdoyrepropp Nye øyrepluggar gjer betre lyd

Den nye proppen skal lanserast i Japan i starten av August. Prisen på proppane vil vere på 4000 yen, noko som tilsvarer omtrent 190 kroner. Likevel skulle ikkje prisen verte for høg om du ynskjer å importere dei privat, før dei eventuelt kjem på marknaden i Noreg.