Om du er som meg sit du ofte på treige nettoppkoplingar. Dette plar å gå greit for min del, men i lengda kan det verte irriterande når tunge krevjande sider, eg ser på deg VGNett, tek laaaaang tid å laste inn. Det er ikkje alltid at eg har så god tid og det er keisamt å sitje å vente på vevsidene.

Opera Turbo bringer derimot noko nytt til bordet. Opera Turbo kjem til å verte lagt til i ein framtidig versjon av Opera, utan at Opera har gått ut og sagt kva versjon dei siktar å leggje han til i. Opera Turbo kjem til å verte sluppe i eit avgrensa tidsrom for testing. I praksis er det snakk om alfa-utgåva av Opera 10 med Turbo-komponenten inkludert.

Med Opera Turbo aktivert vert sidene ein lastar inn sendt til Opera sine tenarar og komprimert. I motsetning til Opera Mini vert sida ikkje endra på noko vis, det einaste er at store element vert komprimert, som til dømes bilete. Flash-innhald vil i visse tilfeller ikkje lastast inn før ein trykker på området kor flash-innhaldet skal vere. Kryptert trafikk vil ikkje sendast via Opera sine tenarar, så ein treng ikkje uroe seg for at passord eller anna privat informasjon skal hamne i andre sine hender.

Om du ikkje har tilgang til ei treig nettoppkopling akkuratt der du sit no kan du strupe nettverket med NetLimiter til Windows eller ved å bruke bandbreiddeavgrensinga i MacOS. Opera tilrår å strupe tilkoplinga til 100kbps, for å få ei reel oppleving.

Ein liten demonstrasjon av Opera Turbo i arbeid:

Last ned Opera 10 med Opera Turbo

Les meir om Opera Turbo