Opera viser litt av den nye drakten til Opera 10

No byrjar det å nære seg eit år sidan Opera Software ASA slapp versjon 9.5 av nettlesaren Opera, den eldste nettlesaren på marknaden. No byrjar det suksessrike norske selskapet å nære seg versjon 10. Sjølv om det berre er sluppe alfa-versjonar, vert det no hinta om beta-versjonar…

Den nye drakta til Opera 10
Den nye drakta til Opera 10

Opera har nett no sluppe ein utgåve av Opera 10 som kjem pakka med den nye drakta som kjem til å vere standarddrakta i den komande versjonen. Drakta er på langt nær ferdig og heller ikkje endeleg, så det vert enno gjort endringar på ho. Blant anna er hurtigvala ikkje ferdig ordna – her er det enno ikon som ikkje har vorte oppdaterte og designet er heller ikkje gjort ferdig.

I den nye drakten er det gjort endringar på alle elementa frå den gamle. Alle knappane har fått nytt design og panela på høgresida har i tillegg får nokre oppdateringar som gjer det heile meir delikat, slik som at opna panel heng fast i tilhøyrande ikon. Fanene heng òg fast i adresselinja, litt slik som Chrome sine faner gjer, men det ser utvilsamt elegant ut.

Ei ny standarddrakt til Opera har vore venta etter at Jon Hicks vart leigd inn. For de av dykk som ikkje kjenner til Jon Hicks er han mannen bak Firefox-logoen og ein rekke andre design som det har vorte skrytt hemningslaust av. Det har òg vore spekulasjonar i ein ny logo, ettersom Opera O-en er litt utdatert. Dette har derimot vorte avkrefta av Jon S. von Tetzchner, leiaren og skiparen av Opera Software. Han hinta derimot at det kanskje kjem ei oppdatering/oppgradering av logo, men ikkje noko utbytting.

I alfa-versjonen med den nye drakta er òg Opera Turbo inkludert. Opera Turbo er ein teknologi som gjer at ein kan surfe raskare på veven, sjølv om ein har ei treig oppkopling. Det er ikkje stadfesta at Opera Turbo kjem til å verte inkludert i Opera 10, men sidan teknologien enno heng med i denne versjonen kan det sjå slik ut.

Alfa-versjonen av Opera 10 med den nye drakta kan ein laste ned på botnen av denne bloggposten for Windows, OSX og Linux.

Og til slutt ein liten morosak: Opera-laget støytte på eit problem som ingen har hatt før dei. Nokre vevsider klarer ikkje lese begge tala i versjonnummeret, så dei les Opera 1, i staden for Opera 10. Dette gjer at nokre vevsider vert vist feil.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...