Operaguiden: Opera Link

Me tilrår å sjå videoen i fullskjermmodus (knappen til høgre for «menu»)

Nokon irritert deg over at du manglar bokmerkene du lagra på den eine datamaskinen, ikkje er på den andre maskinen du bruker. I den nyaste Opera-versjonen er slike problem over.

Opera Link let deg synkronisera bokmerker med meir. Dette gjer at du kan har fleire datamaskinar med Opera installert og ha alle dei same bokmerkene på alle. Skulle du leggje til eit nytt når du sit på ein av maskinane vil bokmerket verte lasta ned til dei andre maskinane med ein gong Opera vert skrudd på. No treng du ikkje å irritere deg over problem med bokmerker som berre er på ein av maskinane dine.

Det er ikkje berre maskinane dine som alltid vil vere synkronisert. Opera Mini (nettlesaren for mobilar) og Opera Mobile (nettlesaren for smarttelefonar) har òg støtte for Opera Link, noko som gjer at du kan ha tilgang til bokmerkene dine sjølv om du er på farten.

Lenke til Opera si heimeside og Opera Link