Med Opera kan ein enkelt følgje med på sider med den innebygd RSS-lesaren

Når ein følgjer med på ein del sider på veven, kan det etter kvart varte strevsomt å vitje så mange sider heile tida for å sjå om det har kome nokre nye sakar. Det har vorte skrive om RSS tidlegare her på sida, så om du treng ein liten intro kan du kikke her.

Det finnst mange måtar å følgje med på RSS-straumar på. Ein av dei enklare metodane, er å bruke den innebygde lesaren i Opera. Opera har ein eigen lesar som gjer jobben, utan at du treng å installere noko programvare eller registrere deg nokon plass.

Ein anna fordel er at det er enkelt å finne RSS-straumen om ein bruker Opera og det er lett å abonnere. Ein treng heller ikkje å navigere vekk frå sida ein les, sjølv om ein ynskjer å halde seg oppdatert.

Ikkje gløym at konkurransen om å vinne ein SlingBox Pro enno er open. Alt ein treng å gjere er å kommentere nedanfor for å vere med.