Oppgradert Zune på horisonten

Den delvis ukjente mp3-spelaren Zune kjem i større versjon

Her i Noreg er Microsoft sin Zune-spelar nesten ukjend. Han lev i den altfor store skuggen til iPod. Zune er no i sin andre generasjon med tre ulike modellar: 4GB, 8GB og 80GB. Den fyrste generasjonen innehaldt kun ein 30GB-versjon. Zune har ikkje vorte lansert utanfor det amerikanske kontinentet. Spelaren vert seld i USA og Kanada, men er å få tak i den norske vevbutikken it24.no

Ein av grunnane mange har sedd bort frå Zunen til no er at han ikkje er stor nok. Folk som har ei stor musikksamling, i tillegg til eit ynskje om å kunne ha eit par filmar eller sesongar med Family Guy på mp3-spelaren har måtte ty til ein iPod Classic, kor ein kan få opptil 160GB.

FCC (Federal Communications Commission), som har ansvaret for regulering av kommunikasjon i USA, har testa ein ny versjon av Microsoft sin iPod-konkurrent. Den nye versjonen skal ha ein harddisk på 120GB. Harddisken sin fysiske storleik skal vere den same, han kjem òg til å kome med den same programvaren som dagens Zune kjører på; 2.5.

Ein kan lese meir om Zune på det offisielle nettstedet Zune.net eller på Wikipedia

Ikkje gløym å kommentere i kampen om ein SlingBox Pro

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...