paintcom

Paint.COM er eit nytt bileteredigeringsprogram som fell inn i rekkja av ulike redigeringsprogram som er gratis.

For dei av dykk som ikkje treng eit like sterkt program som Photoshop for å gjere den vesle redigeringa de treng å gjere eller rett og slett ikkje er villig til å bruke dei tusenlappane det kostar å kjøpre eit slikt program byrjar no å få eit par gode alternativ. Det kjem berre fleire og fleire gratis program som er brukbare til enkel redigering og dei fleste av dei har òg mange funksjonar å tilby.

Sjølv om programma kanskje har ein del ulike funksjonar å skryte kan ein likevel ikkje seie at dei på noko vis kan måle seg med Photoshop som alltid kjem til å vere det store moderskipet over alle bileteredigeringsprogram. Nokre av dei alternativa ein har til Photoshop som er gratis er

For ikkje lenge sidan kom RealWorld Paint.COM. Namnet er eit ordspel på Paint.NET, men elles har dei faktisk lite til felles. Sjølv om Paint.COM har eit par hendige funksjonar som støtte for lag og enkel bileteredigering har det faktisk eit overraskande dårleg grensesnitt. Underteikna prøvte ut programmet og hadde store problemer med å skjøne korleis alt hang saman. Eg har tidlegare brukt Paint.NET, Photoshop og GIMP utan problem, men har var det faktisk litt vanskeleg.

paintcomsplash

Sjølv om Paint.COM har nokre problem med utsjåande har det andre greie funksjonar, som støtte for å ta bilete av skrivebordet og hente inn bilete frå skannarar. Det har òg eit greit oppstartsvindauge som får deg i gang. Paint.COM kjem forhåpentleg å vekse med tida og verte litt meir modent, noko som gjer det til eit enda betre alternativ til Photoshop eller andre program.

Paint.COM finn ein her