PlayYO gjer musikkavspeling enkelt

Det er mi store ære å presentere til dykk: verdas minste musikkavspelar PlayYO.

Det finnst eit hav av ulike musikkspelarar. Nokre av dei meir populære er Windows Media Player, iTunes og WinAmp, alle desse er gode på kvar sin måte, men dei har alle ein bakdel: dei kan vere tungvinte og et mykje systemressursar. Om ein berre ynskjer å spele songar, utan å få opp albumkunsten, bry deg om kva album det er eller få tips om songar ein kan kjøpe via veven. Ein vil berre spele musikk.

PlayYO er ein liten applikasjon på «heile» 11kB – jepp 11 kilobyte. Dette tyder at programmet er ekstremt lite, faktisk det minste prorgammet eg nokon gong har vore borti. Programmet er òg flinkt å bruke lite ressursar når det speler musikk, berre 3000 kB.

Liten og diskrè
Liten og diskrè

Når PlayYO speler musikk vert det vist ei lita note i systemkorga. Om ein held musa over ikonet får ein opp filnamnet. Ein styrer spelaren slik:

  • Klikk på ikonet = Spel/Pause
  • Klikk og hald på ikonet = Neste song
  • Hald musa i systemkorga og scroll = Spol
  • Hald musa i systemkorga og pil høgre og venstre = Spol
  • Hald musa i systemkorga og pil ned = Start songen på ny

For å spele ei fil i PlayYO, må ein dra musikkfila ein vil spele over PlayYO-fila. Alle musikkfilene som ligg i same mappa vil då verte lagt til automatisk. Ein kan òg gjere PlayYO til standard avspelar, slik at filene vil verte opna med PlayYO når ein dobbelklikkar på dei. For å velje standardprogram for ein filtype, høgreklikker ein på fila og vel Egenskaper. Her trykker du på «Endre…» ved sida der det står «Åpnes i:». Her trykker du på «Bla gjennom», naviger deg fram til der PlayYO-fila er lagra, dobbelklikk på ho og trykk på «OK». No vil den filtypen som fila er (sannsynlegvis MP3) verte opna med PlayYO.

Ein kan få tak i PlayYO her.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...