Program med open kjeldekode (Tema: Kontor)

Kva er det? Og eit par (an)befalingar…

Program med open kjeldekode har vakse seg meir populært dei siste åra og er under full frammarsj. Program med open kjeldekode er program som er skrive på vanleg vis, men koden som utviklarane har skrive er tilgjengeleg for dei som har lyst på han. Dette gjer at kven som helst kan sjå korleis program verkar og ofte er programma publisert slik at det er lov å gjere eigne endringar.

Fordelane med open kjeldekode er at alle kan hjelpe til med å forbetre programmet, har nokon ein ide kan dei leggje han til i programmet og publisere den modifiserte versjonen. Open kjeldekode gjer òg at ein kan lære av kvarandre, noko som gjer at ein kan forbetre sitt eige program med å sjå på programma til andre. Ein annan fordel er at du ikkje treng å vere den einaste utviklaren for programmet ditt, du kan leggje ut programmet og kjeldekoden på eigne sider og folk kan registrere seg som utviklarar og hjelpe til med utviklinga.

For sluttbrukarane er det òg ein del fordelar. Program som er bygd på open kjeldekode har ofte ein lojal fanbase som hjelper deg meir enn velvillig. Dette gjer at ein kan få hjelp utan å måtte kontakte nokon form for kundestøtte. Program som har open kjeldekode har òg ein mindre fare for å døy ut. Har programmet klart å byggje opp ein nokolunde stor fanbase er det som regel alltid minst ein utviklar som er villig å halde liv i programmet.

Etter å ha skrapt litt på overflata kva open kjeldekode er for noko, er det på tide med eit par tips. Her er ein del fri programvare som er meir enn brukbar:

OpenOffice.org er ein brukbar kontorpakke som liknar veldig på Microsoft sitt Office. I pakken finn du teksthandsamer, rekneark-, presentasjons-, teikne-, database- og matteformel-program. Pakken kan ein få både på bokmål og nynorsk.
Heimeside
Last ned

NeoOffice er ein kontorpakke som er bygga på OpenOffice.org-pakken. Sidan OpenOffice.org berre er tilgjengeleg i Windows og Linux har frivillige sjeler porta pakken over til MacOS, til glede for alle Mac-brukarar.
Heimeside
Last ned

Go-oo er ein kontorpakke som òg er bygd på OpenOffice.org-pakken. Denne pakken er utvikla for å betre støtta for Microsoft sine filformat i tillegg til å optimalisere koden for å få programma til å arbeide raskare.
–Heimeside
–Last ned

AbiWord er ein teksthandsamer som liknar veldig på Micorsoft Word. Det får mykje skryt rundt om. Det er tilgjengeleg til Windows, Linux og i avgrensa grad til Mac.
Heimeside
Last ned

Gnumeric er eit reknearkprogram, på lik linje med Excel. Det er opphavleg lagt for Linux, men har vorte porta til Windows, nokon offisiell Mac-versjon er ikkje tilgjengeleg.
–Heimeside
–Last ned

Thunderbird er ein e-postklient som vert utvikla av folka bak FireFox. Thunderbird har mykje til felles med Microsoft Outlook. Thunderbird skal frå no av utviklast uavhengig av FireFox og av eit eige team.
–Heimeside & Nedlasting

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...