PrtScr er skjermdump gjort enkelt

Å ta skjermdump er jo noko som kjem innebyggja i Windows: det einaste ein treng å gjere er å trykke på «Print Screen» på tastaturet og ein får ein kopi av skjermbiletet i utklippstavla. Det er likevel ein litt enkel løysing, alt som er på skjermen kjem jo med, og det er jo ikkje alltid ein ynskjer det. Det finnst mange ulike applikasjonar på veven som kan hjelpe deg med å forenkle skjermdumpoppgåva di, likevel er PrtScr ein av dei meir straumlinjeforma eg har dumpa over.

Når PrtScr har vorte installert legg det seg som eit lite ikon i systemkorga og der ligg det å venter på at du skal trykke på «Print Screen». Når du trykker på «Print Screen» toner PrtScr ned heile skjermen og gjer deg ein liten enkel bruksanvisning: hold høgre museknapp for å markere rød strek, hold venstre museknapp for å velge området du vil ta skjermdump av eller du kan halde nede Ctrl i tillegg til venstre museknapp for å merke eit firkanta område.

Etter at du har tatt skjermdumpet får du opp eit enkelt vindauge som lar deg gje biletet ein tittel (som og er filnamn) og ein kommentar som vert vist nede i venstre hjørne av biletet. Du kan lagre skjermdumpet på datamaskinen eller redigere det. Ein kan og sende skjermdumpet via e-post eller skrive det ut. Om du vel å redigere biletet vil PrtScr opne biletet i Paint, slik at du kan gjer enkle redigeringsoperasjonar.

Enkelt og oversikteleg grensesnitt i PrtScr
Enkelt og oversikteleg grensesnitt i PrtScr

Saman med vindauget over flyt og skjermdumpet du tok til høgre på skjermen. Sjølv om det er mest for det visuelle kan ein ta tak i skjermdumpet og dra det inn i eit programvindauge for å opne det i det spesifikke programmet. Kan du ikkje opne skjermdumpet i der du held musepekaren, vert det berre vist eit forbodeteikn og skjermdumpet flyt attende til plasseringa si om du slepp det.

Her er ein liten video som viser korleis det heile verker:

Last ned

Heimeside

Loading image

Click anywhere to cancel

Image unavailable

 

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...