Det er to ting som berre klaffar utan vidare problem om dei vert integrert på skikkeleg vis, eg kunne sjølvsagt snakka om sko og skolisser, men det som er i tankane er teikning og skikkeleg fysikk. Dei som har prøvd Crayon Physics Deluxe eller ei av dei utalige klonene som har poppa opp, veit kva eg snakkar om, det er berre utruleg morosamt.

Razorfish som er eit firma som driv utvikling for Microsoft har laga ein liten videodemonstrasjon som syner eit av deira program som dei har utvikla til Microsoft Surface, Microsoft sitt multirørslebord. Det heile er, som tittelen seier, CPD på steroidar. I tillegg til å kunne teikne er det og mogleg å plassere ting på bordflata og få dei til å reagere saman med programmet. Det heile er eigentleg litt vanskeleg å forklare med ord, så ta ein kikk på videoen for å skjøne kva det heile eigentleg går ut på.

Det er når ein ser slike videoar at ein verkeleg får lyst på eit slikt bord til å leke seg med i stova. Ein kan forøvrig lese meir om Microsoft Surface på Wikipedia eller heimesida. Ein kan og sjå demovideoar av kva bordet kan brukast til her.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here